Eitt mål av Kentaro mot Falkeid

Eitt mål av Kentaro mot Falkeid

Det vart ein ny siger til 14-åringane i Prestavikjo måndag. Etter tap og uavgjort borte mot henholdsvis Skjoldar og Djerv 1919 viste Suldalsgutane som vanleg vinnarvilje på heimebane. Ser ein bort frå tapet mot serieleiar Skjoldar i Erfjord har Suldal 7 strake heimesigrar. Kvifor det er så mykje vanskelegare å skrape saman poenga på nordsida av Sandsfjorden er ikkje godt å seie.

Denne gongen var ein god omgang nok til å slå tabellnabo Falkeid. Men det var gjestene som kom best i gang. Dei satsa på lange ballar mot raske spissar, og tidleg i omgangen lukkast dei med taktikken då spissen kom åleine med keeper og sette inn 1-0. Utlikninga kom ved Kentaro som på kjensleg vis jobba ballen i mål på rein vilje. Fleire mål vart det ikkje før pause sjølv om begge lag hadde sine sjansar.

I 2. omgang var det Suldal som kjørte kampen frå byrjing til slutt. Først skora Camilo 2-1 på korner. Så fekk Suldal straffe  då Andre vart felt av keeper. Mats var sikker frå 11-meteren. Lufta gjekk etter kvart ut av både spelarar og trenar hos Falkeid.  Dermed kunne Andre setje inn 4-1 etter eit soloraid  frå midtbanen av Kentaro, medan Camilo fastsette sluttresultatet til 5-1.

Neste kamp i kretsserien er borte mot Kopervik mandag 20. oktober.

Mål:

Kentaro Indo:           1

André Vatland:        1

Mats van Ruiven:    1

Camilo Schibevaag: 2

Lag: Robin Straabø, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, , Amund Nordheim, Pelle Tijhuis, Kentaro Indo, Levar Sand, André Vatland, Eirik S. Halgunset, Daniel Espe, Camilo Schibevaag

Innbyttarar:  Jone Odden , Jørgen Lund