Etter 2 tap og eit uavgjort resultat i bortekampane så langt i haust vart det endeleg tre poeng på framand kunstgras igjen. Suldal cruisa etter kvart inn til ein komfortabel siger og har med det langt på veg sikra seg tredjeplassen i sin avdeling i 2. divisjon. Ein sesong som starta allereie i mars, går dermed etter kvart mot slutten.

Mot Kopervik starta det rufsete spelemessig. Til tross for ein slett og fin kunstgrasbane på Åsebøen, ville ballen helst ikkje gå strakaste vegen mellom dei blåkledde suldalsspelarane. Pasningar gjekk på kryss og tvers og til vers og lite hjalp det same kva trenarar på sidelinja lokka og trua med. Men sakte men sikkert tok gutane sjølv tak i kampen. Presisjonen auka, sjansar vart skapte og eitt minutt før pause sende Camilo Schibevaag Suldal i leiinga etter pasning frå André Vatland.

I 2. omgang var Suldal det førande laget. Det var derfor fortent då Gisle Fermann dobla leiinga etter innlegg frå Eirik Halgunset. 3-0 kom etter eit raid der Kentaro Indo forserte det som var av spelarar i Kopervikforsvaret. Heimelaget reduserte på ein av sine få sjansar, før Camilo fastsette sluttresultatet til 4-1

Sesongens siste kamp i kretsserien er heime mot Sauda mandag 27. oktober. Planen er at då skal det forsmedelege 8-2 tapet for nabokommunen revansjerast.

Mål:

Kentaro Indo:           1

Gisle Fermann         1

Camilo Schibevaag: 2

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Amund Nordheim, Pelle Tijhuis, Kentaro Indo, Levar Sand, André Vatland, Eirik S. Halgunset, Gisle Femann, Camilo Schibevaag

Innbyttarar: Jone Odden, Jørgen Lund, Daniel Espe