Det vart poengdeling mellom Suldal og fjorårets hardaste rival om avdelingssigeren, Ølen. Kampen viste at det ikkje er utenkeleg at det også denne sesongen kan bli ein duell mellom desse to laga i toppen av tabellen. Suldal var det førande laget i 1. omgang , medan kampen var meir jamnspelt etter pause. Som i førre kamp tok Suldal leiinga på sin første sjanse i kampen. Ein god vane! Etter dette produserte laget mange og store sjansar etter godt pasningsspel, der heile laget var involvert. Eit vaklande ølenforsvar fekk ikkje kontroll på suldalsgutane, som skapte sjansar på løpande bånd, ved å veksla mellom å angripe på kantane og gjennom midten. Heimelaget kan takka keeperen sin, som gjorde ein svært god figur gjennom heile kampen, for at det ikkje vart fleire mål i denne perioden.

0-2 kom på ein lågt slått corner. Ballen trilla gjennom feltet utan at Ølen fekk klarert, og ballen vart sett i mål frå kort hald. Etter dette jevna spelet seg meir ut. Ølen kom meir med i kampen og reduserte til 1-2 etter eit fint raid på høgrekanten. Etter pause vart kampen prega av mange og harde duellar, noko som resulterte i 2 gule kort til Suldal. I denne perioden kom også utlikninga då ein ølenangripar brukte farten til å skjera gjennom Suldal sitt midtforsvar og plasserte ballen til side for keeper.

Etter dette stod kampen og vippa heilt fram til siste spark på ballen. Begge laga hadde store sjansar til å avgjerde. Og sjølv om Suldal basert på sin gode 1. omgang nok var nærmast sigeren, var det ikkje noko å seie på at det vart poengdeling. Det held ikkje med ein god og ein middels omgang for å slå Ølen!

Neste kamp er heime mot Solid torsdag 9. april.

 

Mål:

0-1      5 min              Gjermund S. Halgunset

0-2     25 min            Gjermund S. Halgunset

1-2      36 min           Ølen

2-2      60 min           Ølen

 

Gule kort:

Suldal : Tom Wærnes, Torjus Steine,

Ølen: 1 gult

 

Lag: Marius Søraas, Håvard Fatnes, Matheusz Kolanowski, Mats van Ruiven, Tom Wærnes, Kentaro Indo, Torjus Steine, Isak Berge Espe, Gunnar Skålheim, Camilo Schibevaag, Gjermund S. Halgunset,

Innbyttarar: Ådne Jordebrekk, Rodas Teklay, Jostein Hindenes, Knut Nærheim