Ein god start på kampen var nok til å sikre ny heimesiger for Suldalsgutane. Denne gongen mot Solid. Karane frå Stord hadde avspark, men det tok likevel mindre enn 10(!) sekund før Suldal tok leiinga! Heimelaget fortsette med presist og aggresivt spel, og fekk løn for strevet med 2-0 etter eit kvarter. Det hadde faktisk ikkje vore noko å seie på om Suldal hadde skora både tre og fire mål i denne perioden. Men etter kvart vakna Solid meir og meir til liv, samtidig som suldalsspelarane såg ut som dei trudde jobben allereie var gjort. Litt mindre vilje til å gå i duellar, og litt meir slurv frå heimelaget si side gjorde at kampen jevna seg ut. Suldal kunne likevel gå til pause med ei 3-0 –leiing etter eit straffespark som frå sidelina såg ut til å vere litt billig idømt.

I andre omgang fortsette den dalande trenden i spelet til heimelaget. Entusiasmen og viljen var på vikande front medan Solid etter kvart spelte seg fram til fleire sjansar. Halvegs ut i omgangen fekk dei seg ei velfortent redusering. Men i den grad dette skapte håp om poeng for bortelaget, så vart dette knust minuttet etter då Håvard Fatnes sette inn 4-1. Resten av kampen vart stort sett ei transportetappe utan dei blendande prestasjonane, men der Suldal med eitt unntak hadde god defensiv kontroll. Grei siger på ein middels dag.

Neste kamp er borte mot Nord tysdag 14. april.

 

Mål:

1-0      1 min              Gjermund S. Halgunset

2-0     16 min            Gjermund S. Halgunset

3-0      31 min           Torjus Steine

3-1      65 min           Solid

4-1      66 min           Håvard Fatnes

4-2      85 min           Solid

 

Gule kort:

Ingen

 

Lag: Marius Søraas, Håvard Fatnes, Matheusz Kolanowski, Mats van Ruiven, Tom Wærnes, Glenn Søraas, Kentaro Indo, Torjus Steine, Ådne Jordebrekk, Gunnar Skålheim, Gjermund S. Halgunset

Innbyttarar: Jostein Hindenes, Knut Nærheim