Erik W. Vold rapporterer:

Etter ein solid seriepremiere sist helg med 3 poeng på bortebane mot det som av mange er rekna som ein av opprykksfavorittane, var det på laurdag klart for årets første heimekamp i Prestavikjo. Gjestene var 2-er laget til Vaulen; ein klubb som etter kvart har hatt mange Suldalsspelarar innom.

Suldal er gjennom eit generasjonsskifte, og det er positivt at så mange i frå dei gode gutelaga Suldal har hatt dei siste åra, no er i a-lagsstallen, og gjer ein god figur der.

Denne kampen vart ei merkeleg førestilling. Det vart mykje stillingskrig mellom 16-metrane, der 2 gode forsvar sørga for at dei store sjansane uteblei. Faktisk hadde ikkje gjestane frå Vaulen ein einaste reell målsjanse i løpet av kampen. Scoringa til bortelaget kom etter eit sjølvmål.

Suldal på si side var laget som skapte flest målsjansar med 3-4 skot i tverrliggaren, og elles gode sjansar der enten forsvaret eller ei god Vaulen-målvakt rydda opp. Det var slik sett eit ufortjent resultat, men ein viktig lærepenge for Suldal om at scoringane oftast ikkje kjem av seg sjølv. Med betre presisjon og meir ro i avslutningsøyeblikket, burde Suldal vunne kampen med klar margin.

Trenar Morten Jelsa hadde følgjande kommentar etter kampen: «Det er på den siste 1/3 av banen me skal ha fokus dei neste vekene. Utruleg at me ikkje klarar å få mål på så mange store sjansar. Avslutningstrening og vårt spel på siste 1/3 er arbeidsoppgåvene framover. Bakover har me funne ein fin ro/trygghet, Vaulen skapar ingenting på oss, og me måtte jo til og med skåre målet for dei!»

Startoppstilling: Erik Walter Vold – Mikkel Wigestrand, Sven Kolstø, John Herman Aas, Thomas Jelsa – Ingve Berge, Torjus Steine, Jone Utbjoa, Johannes Wigestrand – Hallvard Erfjord, Erik Vaage

Innbytarar (alle fekk speletid): Lars Lavalette, Ørjan Underbakke, Peterson Tijhus, Gjermund S. Halgunset