images-1Tysdag 16. juni kjem Viking sitt A-lag til Suldal og Prestavikjo. 

Dette er til såkalla «Nabolagsmøte» og er eit ledd i Viking sin strategi om å vera eit lag for heile distriktet. Sjølv om FKH kanskje er den klubben som ligg nærast Suldal geografisk, har nok likevel Viking enno eit godt tak i Suldalshjerta.

Programmet for dagen er ikkje klart enno, men dette vil ein arbeida med framover. Det som er klart er at det vil bli kamp i Prestavikjo tysdag kveld og Viking ønskjer motstandar frå nivå 3 (2. divisjon) eller eventuelt eit forsterka Suldalslag.

Me i Suldal idrettslag si fotballgruppe håpar dette vil bli ein folkefest, der ein kan komma i nær kontakt med Tippeligaspelarar.

Endeleg program vil me komma attende til etter kvart.