Forus og Gausel

Det vart eit nytt eitt-målstap då Forus og Gausel sitt andrelag kom til bygda sist laurdag.

Lagleiarane måtte i tur og orden melde avbod denne helga; Morten hadde konfirmant og Jon var i brudlaup. Øyvind Gjuvsland fekk derfor oppdrag om å styre laget frå sida. Lite visste han at han skulle i sitt eige utdrikningslag denne dagen, så kaptein Jone Utbjoa hadde i løyndom fått ansvaret.

Erik W. Vold melder frå tilskodarplass på Facebook:

Ein liten enkel analyse frå ein nøytral tilskodar: God første halvdel av førsteomgangen, mykje fint spel og fine kombinasjonar. Resten av kampen for stor avstand mellom lagdelane slik at motstandarane fekk litt for mykje rom å spela i. 2 av måla til Forus & Gausel kom på bortimot identiske dødballar der ballen litt for enkelt får gli gjennom feltet og inn ved bakre stolpe. Ikkje like mange klare målsjansar som sist kamp, men framleis kunne det med noko meir ro og presisjon i avslutningsøyeblikket blitt eitt og to mål til.

Lag: 

Sveinung Steine – Lars Lavalette, Isak Berge Espe, Sven Kolstø, Sindre Lorentzen, Ørjan Underbakke, Glenn Søraas, John Herman, Jone Utbjoa, Hallvard Erfjord, Peterson Tijhus, Espen Josdal, Torjus Steine, Ingve Berge, Christian Smithson

Mål: 

Espen Josdal 2 mål

Hallvard Erfjord assist på det eine målet, det andre var skot.