Så var det klart for andre kampen i sesongen for G15 laget. Avreis frå Osen 1615 og ferja på Sand 1645. Suldal Billag og Kjell Steinar var på plass, som i fjor……

Me reiste 13 spelarar, og av desse ”lånte” me tri spelarar frå 14 årslaget som hadde vore i Haugesund og slått Djerv 1919 8-7 dagen før. Altså to langturar på to dagar for desse gutane. Men likevel, positivt innstilte på å yta ein god innsats for 15 årslaget denne dagen. Det er bra.

Me kom fram til Falkeid sin bane litt forseinka etter at me måtte venta ei stund etter trafikkuhell ved Grinde. Me måtte ha 5 min. ekstra til oppvarming.

Når kampen starta var me skikkeleg klar, og etter avspark gjekk me rett i angrep og scora 1-0 etter ca. 30 sek. Dette var berre starten på ein marerittkveld for Falkeid, og etter 12 min. stod det 4-0 til Sand/Suldal. Etter første omgang stod det 12-0 til Sand/Suldal! I løpet av denne omgangen hadde vel Falkeid eit angrep/innlegg som gjekk rett i klypane til Ingve.

2. omgangen kunne ikkje fortsetja som den første, men Sand/Suldal dominerte like mykje i banespelet, og til slutt stod det 18-1 til Sand/Suldal. Falkeid fekk eit mål, på eit litt billeg straffespark. Men kampens gode dommar meinte dei skulle ha denne straffen.

Kjempebra spel, og offensiv og fin fotball. Gutane er flinke til å bruke kantane, og spelte motstandaren heilt ut i lange periodar. Me har ein kreativ og god midtbane, gode midstopparar, gode sidebackar, god keeper, gode angriperar. Ja i det heile teke, eit komplett lag slik det fungerte i dag.

I dag var desse spelarane med: Håkon, Lars Kristian, Steffen, Christer, Sindre L, Fredrik, Øystein, Sindre O, Thomas, Andreas, Mads, Ingve, Dagfinn.

Mål: Sindre O 3, Fredrik 4, Sindre L. 5 og Øystein 6.

Så var det tid for heimturen, og den faste stoppen på Knapphus. Etter ein lang men vellukka tur, var vel dei siste heima på Nesflaten og Jelsa når klokka var passert 23.

Neste kamp er borte mot Ferkingstad.

Referent: Svein Øystein