For andre gong denne sesongen stod naboen frå Hjelmeland stå på andre banehalvdel, klar til dyst om tre poeng. Tidlegare denne veka vart det bekrefta at nok eit lag hadde trukket laget sitt frå vår pulje. Havørn 2 slo følge med Sunde 2, noko som tilseier at ingen lag rykker ned frå 6 divisjon avd 2 denne sesongen. Det kan i utgangspuntet var positivt for eit Hjelmeland som har hatt ein vond vårsesong. Likevel kunne dette vera eit potensielt bananskal for eit suldalslag med mykje forfall frå den gode kampen mot FGI 2 helga før.
Eit ungt lag i gult og svart var til denne kampen blitt ein del år eldre. På grunn av ein del forfall måtte Morten hente inn Erik Walter, Tommy og Nils Arne for å stille lag. I tillegg til ein småskada Jone var det ein del usikkerhetsmoment til denne kampen.
Suldal starta kampen bra med godt trykk og gode involveringar i alle faser av kampen. Hjelmeland hang litt i taua frå start av og fekk med nød og neppe klarert ved fleire anledninger. Likevel skulle ei strålande avslutning av Ingve føre Suldal opp i ei fortjent leiing. Frå sytten meter curla Ingve ballen utagbart oppi høgre vinkel for keeper. Suldal fortsatte å kjempe, men Hjelmeland kom meir og meir inn i kampen. Etter vel tretti minutt skulle Erik få bryne seg skikkelig. Eit skot frå bortelaget fekk den aldrande målmannen ut i full strekk. Erik slo ballen i stolpen og ut i noko som på fint kan kallas ei klasseredning. Likevel er uheldigvis veien frå suksess til fiasko altfor kort av og til. Få sekund etter at veteranen frå Skomakarteigen hadde hatt denne gode redninga kom tabben. Ein trilleball fann vegen mellom Erik og stolpen. Skuffelsen var stor hos heimelaget medan gleden var stor blant dei kvitkledde frå Hjelmeland. 1-1 og det var ny kamp i Prestavikjo. Bortelaget skulle få med seg nok eit mål inn til pause. Ei kontring frå Hjelmeland førte til at spissen deira kom aleine med vår målmann og sette ballen sikkert inn til 1-2. Dette målet må ein sette på kontoen for urutinert deffensivt arbeid av heimelaget.
Andre omgang var prega av eit suldalslag som jaga mål og eit hjelmelandslag som kjempa med nebb og klør for å behalde si leiing. Mykje nesten og lite tur kan beskrive heimelaget sine forsøk på utligning. Gong på gong kom det fine initiativ frå midtbanen, men marginane ispedd ein del udyktighet gjorde at målet uteblei. Dommaren for dagen hadde heller ikkje ein kamp han kan skryte så forferdelig mykje av. Likevel kan me kun skylde på oss sjøl når det ikkje blir poeng frå denne kampen. Etter eit godt trykk frå Suldal dei siste femten minutta enda forsvarskampen til Hjelmeland med seier og tre poeng med heim.
Suldal på si side må fortsette å jobbe, men underteikna synes det er mykje bra i dette laget. Spesielt Tim har vore knallgod desse to haustkampane og tilfører Suldal etterlengta trykk og løpskraft. Ellers kan ein nevne Isak som nok ein gong gjorde ein bra kamp der han fleire gonger måtte rydde opp for sin gamle far og stopparmakker. Me ser nå fram til ny kamp i Stavanger neste helg. Då er det Hundvåg 2 som det skal måles krefter imot.
Mål:’
Ingve
Laget: Erik W-Hallvard, Isak, Tommy, Inge-Tim, Christian, Jone, Ingve, Mikkel- Espen
Benk der alle fekk speletid: Ørjan, Nils Arne og Tom