Sitat Bill Shankly då han vart spurt om kva han mislikte mest med fotball: «The end of season»
For sesongen er på hell for både 7 er laget og 11 laget. Me legg bak oss ein berg og dalbane sesong med nokre stygge tap, nokre litt finare tap, enkelte flotte seierar, ispedd nokre uavgjort. Det har vore ein blanda sesong, men likevel er det trist når det nærmer seg slutten. Ein kan var uenig med Shankly i mykje, men det refererte sitatet hans er i aller høgaste grad passande.
Medan 7 er laget sine fire første haustkampar har enda med to tap og to seierar, har 11 laget innleda sin haustsesong med fire tap og ein uavgjort. Dette er resultat som absolutt kunne vore betre om folk orka å ta seg tid til å trene, men også lese terminlista slik at me slepp å skrapa saman lag til enkelte kampar. Ja, dette er ein litt sur måte å referere kampane på, men dei som virkelig er uenige får sende ein melding til meg.
Me har nå spelt to meget bra kampar på rad med 7 er laget, som har enda i 5-2 seier mot Sandnes Ulf 3 og ein heftig kamp på Kåsen, der me slo Kåsen 2 med 6-4. To kampar gjenstår før me kan ta ferie på 2 er laget.
11 laget har igjen ein kamp i Prestavikjo. Laurdag 26 september kjem Siddis 2 til Suldal for å kjempe om dei siste smulane av poeng som skal delast ut. Forhåpentligvis vil mine favorittar visa seg frå si gode side, slik som dei viste i andre omgangen av kampen eg nå skal referere:
Fredag 18 stod det på kalenderen denne hausdagen i september på Madla. Me kan vel kalle det ein haustdag når kjølen trengde seg langt innom jakka mi. Underteikna må ærleg innrømme at eg frykta at spelet til bortelaget heller ikkje ville varma meg noko spesiellt etter to stygge tap på dei to siste kampane. Med tanke på at kveldens motstandar, Madla 2 var eit av topplaga i avdelinga, var e gein smule skeptisk med tanke på at gutane i gult og svart ville reise seg og slå tilbake. Likevel har eg sett at dette laget kan levere bare dei tek seg litt i saman og spelar den fotballen dei kan.
Suldal innleda kampen greit der de prøvde å rulla ballen opp gjennom midtbanen og ut på kantane. Spesielt høgresida med Lars og Ingve fekk ein del å jobbe med. Me fekk og nokre gode sjansar som absolutt kunne og burde enda i mål. Likevel var det Madla 2 som skulle få gjera som dei ville. Kommunikasjonen og trøkket i det deffensive spelet svikta ved tre anledningar i første omgang. Dette resulterte i tre mål til eit effektivt heimelag. Me sviktar i begge boksar og er nokre hakk etter heile tida. Eg er så enig med Morten når han seier «det er ikkje løye lenger». For enkle personlige feil florerer i dette unge mannskapet. Feil som absolutt kunne blitt unngått om fleire av dei som ikler seg gult og svart kvar helg og kom seg i trening.
Det stod 3-0 på resultattavla då dommaren bles til pause og ein etterlengta pauseprat var på sin plass. Morten gjorde to byter og prøvde å få opp gløden på suldalsgutane der dei stod med litt høge skuldre og slagne i blikket. Etter ti minutt pause sprang igjen tjueto karar ut på den grøne kunstgrasmatta til noko som forhåpentligvis ville bli ein betre andre omgang for bortelaget.
Glenn Søraas var ein av dei som kom inn i pausen og skulle raskt vera symbolet på eit «nytt» suldalslag. For nå kom bevegelsene, nå kom direktepasningane, nå kom presisjonen og nå kom gløden. Glenn var eit konstant uromoment og skapte liv og røre for heimelaget si forsvarslinje. Suldal starta å skape sjansar og gode muligheter på rekke og rad. Etter vel seksti minutt fekk Suldal eit frispark på sytten meter. Ein Jone som hadde våkna etter ein laber første omgang skrudde ballen lekkert i mål til redusering 3-1. Det byrja å sjå kjekt ut utpå der og lunken under jakka mi sneik seg på, for dette var kjekt å sjå på. Suldal skapte muligheter på muligheter framover. Bakover var målmann Arne arbeidslaus og dei gulsvarte spelte god fotball. 3-2 skulle komme frå Suldal sin for dagen beste mann. Glenn var kald då han fekk ein retur frå forsvaret til dei blå. Ei herleg redusering. Kunne me få med oss poeng? I denne perioden ville bortelaget mest og heimelaget såg rådville og litt paniske ut. Likevel skulle Madla 2 få sin visitt inn i målgården til Suldal mot slutten av kampen. I ein 50-50 situasjon var det spissen til heimelaget som var den «veikaste». Han datt som ein sekk og vart belønna med straffe. Om det var ei rett avgjerd strides det om, men dommaren var bestemt og diskusjonar fører sjelden til at karen i svart gjer om på avgjerda si. Frå 11 meter sette heimelaget i sine kledelige blå drakter inn den siste spikeren i kista. Stillinga 4-2 holdt seg til slutt og eit nytt tap var eit faktum.
Likevel var det eit tap eg kan smila av. Ikkje fordi me nok ein gong slapp inn meir mål en motstandaren, men fordi gutane viste kva som bur inni dei. Rekdal sa ein gong at han ikkje ville reise rundt å pli pissa på. Det vart ikkje suldal sine beste menn heller i dag. Ein dårleg første omgang som stod i stil med den kalde trekken på Madla vart omgjort til litt meir sommarslege temperaturar i andre omgang der me viste godt spel og flott initiativ.
For å sitere ein av mine favoritter: «I don’t like losing but I’ve mellowed. I maybe have a short fuse but it goes away quicker now.»- Sir Alex Ferguson
Slik vil me ha det og eg håpar me får sjå det neste laurdag i Prestavikjo klokka 14.30. Møt opp og sjå gutane våre kjempa om tre poeng mot byasane i rosa drakter.
Mål/assist
Jone
Glenn/Tim
Laget: Arne, Mikkel, Robert, Isak, Lars, Jone, Tim, Johannes, Ingve, Erik V, Espen
Benken der alle fekk bra med speletid: Peterson, Glenn og Ørjan.