Offisielt namn: Siddis. Uoffisielt: FC Show.

Offisielt namn: Siddis.
Uoffisielt: FC Show.

Det vart rekordtidleg sesongavslutning på Suldal sitt a-lag i år, lenge før adle sauedn er i hus!

Grunnen til den tidlege sesongavslutninga er at Suldal tilfeldigvis eigentleg skulle møtt dei to laga som har trukke seg i dei to siste serierundane.  Kampresultatet var vel nesten rekord det og, det er ikkje kvar dag ein vinn 7-0, men det var vel eit par kampar i fjor som vart målkalas.

Siddis 2, eller FC Show som dei eigentleg ønskjer å heite, knuste oss i vårkampen med heile 9-3. Det var nok eit heilt anna lag enn det som kom inn fjordane i dag.  Faktisk var det nok eit heilt anna lag enn det dei har brukt i resten av kampane i år, gjestene stod med to sigrar i botnen av tabellen før dagens kamp.

Suldal har hatt ein tøff haust, med knapt tap for Hjelmeland og tre tap mot topptrioen på tabellen. Derfor var det godt å få avslutte sesongen med ei god oppleving. Heilt frå starten viste heimelaget seg som det beste laget, og 1-0 kom ganske kjapt då Jone Utbjoa skaut i stolpen og Glenn Søraas putta returen i mål. Desse to skulle vise seg å prege kampen ganske så mykje. Før ti minutt var spelt, fekk Jone straffe då han vart lagt i bakken. I fotballen sin ABC står det ganske klart og tydeleg at den som vert felt ikkje skal ta straffen. Trenar Morten Jelsa visste godt om dette kapittelet, men han skulda kapteinen vår ein straffe frå ein tidlegare kamp. Det er vel ikkje naudsynt å seie at Jone ikkje skåra på straffen….

Første omgang bar preg av eit visst press frå Suldal, men det vart ikkje dei store målsjansane. Ein var fleire gonger i gode posisjonar, og det var mykje gode oppspelsprestasjonar, men i dei avgjerande augneblinka vart det teke for mange ukloke avgjersler. Gjestene hadde lite å by på, Erik målmann måtte berre strekkje seg eit par gonger.

I pausen var Suldal eigentleg nøgd med det meste, bortsett frå målprotokollen. Det var viktig å gå ut og drepe kampen tidleg i andre omgang. Og nettopp det var det som skjedde. Då 2-0 kom, var det som den velkjende ketsjupflaska, og måla kom på rad og rekkje.

2-0: Jone tok frispark frå 20 meter etter at han sjølv blei felt. Ein hard markkrypar gjekk forbi ein feilplassert mur og ned i hjørnet.

3-0: Flott spel på ein overgang. Me vann ballen i midtsirkelen, ballen for ut til backen Lars Lavalette. Han gav vidare til ving Hallvard Erfjord som runda motstandarane sin back og la flatt inn på fem-meteren. Her kom Glenn susande og sklei ballen i tomt mål. Nydeleg fotball!

4-0: Erik Våge vrir seg sterkt rundt på straffemerket og hamrar ballen i mål med venstrefoten.

5-0: Midtstoppar Isak Berge Espe set straffe sikkert i mål etter at Glenn vart felt.

6-0: Glenn blir nok ein gong felt i straffefeltet, og motstandaren får sitt andre gule kort for dagen og må gå i garderoben. Nok ein gong overser trenaren fotballen sin barnelærdom og let Glenn ta straffa sjølv. Den set han i stolpen, men Jone er kjapt frampå og puttar den i mål.

7-0: Siddis 2 er sluttkøyrde, mister ballen til Jone på eigen banehalvdel og Jone legg inn til Glenn. Jobben er enkel for sandbuen, og sluttresultatet blir 7-0.

Godt å avslutte sesongen på ein slik måte, og laget tok med seg ein god prestasjon frå andre omgang i forrige kamp. Ein må sjølvsagt skryte av spissparet Jone Utbjoa og Glenn Søraas som stod bak det meste som hamna i målprotokollen, men bak seg var det mange som gjorde det godt. Robert Sjøholt spelar med ro og rutine i midtforsvaret og sprer tryggleik til medspelarane sine, midtbanen har funne utav det med kvarandre, og begge sidene er ivrige etter å gå på løp og invitere. Nesten synd sesongen er over…

Lag:

Erik W. Vold – Lars Lavalette, Isak Berge Espe, Robert Sjøholt, Mikkel Wigestrand – Ørjan Underbakke, Ingve Berge, Erik Våge, Christian Smithson – Glenn Søraas, Jone Utbjoa.

Innbyttarar: Hallvard Erfjord, Espen Josdal, Tommy H. Espe.

Gule kort: Ingve Berge, Ørjan Underbakke, Glenn Søraas.