Det vart ein herleg siger i Oltedal, og nå kan spelarane gå med rakt hovud i 17. maitoget!img_0175

Det er eit par sesongar sidan me møtte Oltedal sist, men det er alltid eit spennande lag å møte. Nokon god statistik over resultat har eg ikkje leita fram, men resultata plar som regel vere 1-0, 1-1 eller 0-1. Ein sesong var det den gamle Viking- og Brynespelaren Nils Ove Hellvik som var vår nemisis og prikka inn dei avgjerande måla på frispark og langskot. På Oltedal sine sider står denne legenda berre med åtte kamar, så ein fjerdedel av kampane han har for bygdelaget har han altså øydelagt for oss! Men denne sesongen var han ikkje med.

Etter den sedvanlege køen på motorvegen, kruste me innover dalen i stålande vêr. Berre forstyrra av feite Audiar med hårreisande forbikøyringar som sikker skulle «på hytten i Honnedalen». Artig då å sjå at om dei køyrer forbi i hårnålsvingar i 120 km/t, så kjem dei til Oltedal omtrent tre sekund før oss med små, raude bilar med toppfart på 88!

Oppvarming

Oppvarming

Om banen i Oltedal er liten, så var den i alle fall god å spele på. Nokre fråfallvar det denne gong, men som nemnd tidlegare er me i år velsigna med ein ganske stor spelarstall der det er mange som kan komme inn å gjere ein god jobb. Me starta kampen med å liggje litt lågt i presset denne gong, det gjekk nemleg rykter om nokre kjappe vingar som me var redde kunne lage baluba i bakrommet vårt. Etterkvart viste det seg at me nok vart for baktunge, spesielt sidan bana er såpass kort som den er. 1. omgang vart dermed litt frustrerande, og det var ikkje all verda me fekk til. Nokre langskot som gjekk rett over var vel det næraste me kom. Men i motsetnad til alle tidlegare kampar me har spelt i år, så slapp ikkje motstandarane til heller. Så 1. omgang var eit steg fram defensivt, men offansivt var det rett og slett for slakt. Oltedal vann dessutan alt som var av utspark. Dei fekk til og med stå heilt åleine å stange ballen. Det er for sløvt.

Dette tok me opp i pausepraten. Det såg ut som at spelarane på Suldal helst såg ballen gjekk til nokon andre enn seg sjølv. Lite rørsle for å få rom, få invitasjonar til pasning, ryggen til ballførar og puslete taklingar var det som gjorde at det stod 0-0 til pause. Det var ingen som ville vere sjef på banen.

Andre omgang vart ein heilt annan sett med Skattkammeraugo. Anført av kaptein Tore Sørås var det eit anna Suldalslag som kom på banen. Tore tok tak, fekk opp frekvensen og vann mange viktige duellar på midten. Dette smitta over på resten av laget, og etterkvart våga me å spele ballen, vinne duellar og få ballen. Då og midtstopparane Tor Arne Sigstad og Rune Andre Laugaland vakna og vart sjefar bak etter at Oltedal hadde vore farlege på nokre hjørnespark, vart det schwung over spelet.

Ser ut til at heimelaget vann tribunekampen. Men du kunne nå vist litt entusiasme Geir!?

Ser ut til at heimelaget vann tribunekampen. Men du kunne nå vist litt entusiasme Geir!?

Målet vårt kom etter nettopp eit hjørnespark frå Oltedal eit kvarter ut i omgangen. Innlegget vart klarert, Tore fekk tak i ballen og sendte ein flott ball over på heimelaget sin halvdel. Vegard Aas låg og lurte på midtsirkelen. Han boga løpet sitt perfekt slik at han var innom vår banehalvdel akkurat i det Tore slo. Dermed unngjekk han offside. Det vannvittige rykket til Vegard parkerte stopparane til Oltedal, og Vegard kunne sikkert plassere ballen i måt til høgre i målet.

Etter dette førte Suldal kampen det meste av omgangen. Vegard terroriserte motstandarane med rykk, løp og knallhard innsats. Bjørn M. Steine kom viste fram den herlige teknikken sin på venstrekanten og kunne fort fått eit mål. Sigvart Vårvik gjorde sin debut i serien med å jobbe og slite og viste gode tendenser på høgresida. Rene Adjemi og Tore fekk full kontroll over midtbana, og bak fekk tidlegare nemde midtstopparar god hjelp av rutinerte ringrevar som Tor Olav Berge og Nils Arne Moe. Heil bakerst er me svært glade for at Erik W. Vold framleis står med alle meterane sine, og tek me og med Robert Sjøholt, Torstein Erfjord, Vidar Hilde og Ådne Nærheim som og står på for laget og stadig kjem meir inn i spelet, så skulle laget vere komplett.

Kampen gjekk etter kvart ut i ein ganske kontrollert bortesiger. Det var ikkje så mange sjansane vertane kom til. Ein del 50% sjanar hadde dei nok, men dei få gangene det såg litt skummelt ut, tok Erik fram fjernsynsredningar og ordna opp. Herleg å slå Oltedal og vinne endå ein bortekamp. På himmelspretten ventar Buøy 2 på favorittbana vår; Humpen på Buøy. 🙂

Fakta:

Mål:

0-1: 60 min: Vegard Aas

Gule kort:

Vegard Aas, Tore Sørås, Rene Adjemi

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Vegard Aas

2 poeng: Bjørn M. Steine

1 poeng: Rene Adjemi

Spelarar:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Robert Sjøholt – Torstein Erfjord, Tore Sørås, Rene Adjemi, Vidar Hilde – Vegard Aas, Bjørn M. Steine

Innbyttarar: Nils Arne Moe, Sigvart Vårvik, Ådne Nærheim