Det blei poengdeling i første heimekamp etter at bortelaget utlikna omtrent på overtid. 

Ørjan sin rapport frå kampen er som følgjer.

Første omgang: Kvar sitt stolpeskudd. Ådne med frispark frå kanten i krysstanga og frå deira spiss etter gjennomløp. 0-1 Til Forus og Gausel på corner som skrur inn, ca 60 min.

1-1: Hallvard skyt og ballen hamnar bak i feltet. Ørjan skyt i keeper, men set returen over keeper og i mål.

2-1 kjem etter at Hallvard blir spelt gjennom, bommar aleine med keeper, men stoppar frå Forus klarerer i eige mål.

2-2: siste som skjer i kampen, overtid og vel så det. Corner til Bortelaget som me ikkje får klarert skikkeleg, klabb og babb og mål. Skikkelig surt, men ikkje nokon særleg god kamp av Suldal uansett.

Mål/målgjevande:

1-1: Ørjan/Hallvard

2-1: sjølvmål/Hallvard

Lag:

Andreas, Hallvard, Isak, Ådne, Tom, Andrè, Gunnar, Ørjan, Inge, Peterson, Ingve, Erik, Mikkel, Jone, Glenn