Knapt bortetap mot Finnøy i dag.
Trenar Morten Jelsa melder på Facebook-sida til a-laget:
«Årsbeste av gutane i dag, og då e det surt at sluttresultatet blei eit surt 2-1 tap. Men spelemessig var suldalsgutane hakke bedre en serieleder Finnøy. Dette love bra for resten av vårsesongen.»
Ørjan Underbakke rapporterer vidare:
Spelemessigt bedre enn Finnøy heile kampen. Dei var heldige! Hadde to sjansar som gjekk inn. Me hadde fleire som ikkje gjekk inn. Ein del feilaktige offsideavblåsningar der spissane hadde komme åleine med keeper. Ørjan var i ferd med å scora i første omgang, men Glenn sikra ballen i mål, dessverre fra offsideposisjon. Redning på strek på skudd fra Peterson fem minutt før slutt.
Gult kort: Jone, Glenn og Lars. ( Fornøyd med stigande råtassfaktor? 😊 ) (Jepp! -helsing ass.trenar)
Målet vårt: Peterson legg inn fra kant til Glenn som spelar vidare til Jone. Jone skaut ballen kontant mellom beina på keeper. Ca 60 minutt. Dei scora tidleg i første omgang og ca etter 80 minutt.
Laget: Mats van Ruiven, (mangla keeper, stilte sporty opp), Hallvard Erfjord, Tore Søraas, Sigvart Vaarvik, Lars Lavalette, Ørjan Underbakke, Ingve Berge, Erik Våge, Peterson Tijhuis, Jone Utbjoa, Glenn Søraas. Innbytterar der alle fekk speletid: Tom F. Wærnes, Inge Hjorteland og Andre Vatland.