Prestavikjo 19. mai. stegaberg

Heimekamp i Prestavikjo denne gongen for 15 årslaget vårt.

Stegaberg frå Frakkagjerd var motstandar denne kvelden. Dei kom frå 8-1 seier over Falkeid, så me måtte vera skjerpa frå første sekund. Kampen starta med eit klart overtak til Sand/Suldal, noko som resulterte i tidleg leiing i kampen. Utover i første omgangen fortsette presset , og til pause var leiinga 8-1.

2. omgang vart jevnare, og Stegaberg kom litt meir med i kampen. Likevel soleklar seier 12-3 til slutt. Laget viser også i denne kampen gode offensive kvaliteter, noko som 12 scora mål viser. Forsvaret fungerte bra. Det er alltid forbetringspotensiale, men ut frå det at me ikkje får trent saman er resultata kjempebra.

Nå har me spelt mot alle laga ein gong, så neste kamp er mot Sauda igjen. Denne går 28. mai i Sauda.

Desse spelarane var med mot Stegaberg: Lars Kristian, Dagfinn, Christer, Andreas, Øystein, Fredrik, Mads, Sindre O., Sindre L, John Herman, Vegard, Ingvald og Ingve

Mål: Øystein 5 Fredrik 4 Sindre O. 2 Vegard 1 Ingvald 1. (Dette blir 13 men det vart scora 12. Det er vel kanskje ein som har fått notert 1 mål for mykje.)

Svein Øystein