To mål og ein målgjevande. God kamp av kapteinen!

To mål og ein målgjevande. God kamp av kapteinen!

Ny storsiger på heimebane over eit 2’er-lag. 
Dei tre kampane me har hatt i haust har vore mot 2’er-lag. Heime har me heile 17-1 i målforskjell på to kampar, mens me tapte knepent i bortekampen. Desse laga har ofte ein tendens til å stille sterkt på sin heimebane, og noko redusert når dei skal reise inn til Suldal. Kanskje går det opp i opp for oss til slutt?

Før kampen var det overrekking av blomar og gåvekort til Ingve Berge. Forrige kamp var hans 100. kamp for Suldal a-lag sitt førstelag, og han er den første som rundar denne milepælen etter at me tok til og telje kampar i 2009. Meir om denne bragda kjem i eige innlegg.
Tasta 2 stilte utan innbyttarar, og det viste seg tidleg at dei nok kom til å slite med å halde tempoet oppe gjennom 90 minutt. Dei var veldig gode med ball, men utan ball var dei rett og slett ikkje spreke nok gjennom to omgangar.
Suldal viste til tider glimrande fotball, spesielt på måla, men me såg og fort kvifor me taper kampar mot dei beste laga på tabellen. Om me har eit bra nivå på vårt beste, så slepper me oss for langt ned når me ikkje er konsentrerte. I dei to siste heimekampane har ikkje dette fått konsekvensar fordi motstanden ikkje har vore topp, men botnnivået vårt må opp om me skal henge med dei beste i divisjonen. Så enkelt, og så vanskeleg!
Denne kampen veksla altså svært i kvalitet, frå sprudlande angrepsfotball med mange løp, krosspasningar og overlappar, til keisam gåfotball der spelarane stod og venta på ball. Meir av det første og mindre av det andre, så kan me hamle opp med alle laga i denne divisjonen.
Måla kom på dette viset i dag:
1-o kom etter 20 minutt. Hallvard Erfjord legg inn frå høgre, der ballen når Jone Utbjoa bak i feltet. Han driblar seg forbi tre-fire spelarar før han kontrollert skyt ballen i nettet. Mål nummer to kom på motsett vis. Då var det Jone som kom på overlapp og la inn til Hallvard på bakre stolpe. I forkant hadde Ørjan Underbakke spelt Jone nydeleg fri på venstresida. Dagens angrep! Det stod 2-0 til pause.
I andre omgang kom første skåring etter ein flott gjennombrotspasning frå come back-kid Bjørn Madland Steine. I andre enden av pasningen stod Lars Lavalette og sette ballen sikkert i mål med eit velplassert skot. Lars kom inn som eit friskt pust frå innbyttarbenken, og var den som var nestsist på 4-0 då han gav ballen til Jone på 17 meter. Jone lada kanona og vart tomålskårar.
Det siste målet var det Bjørn som heada inn på hjørnespark frå Ørjan. Ved første augnekast kunne det sjå ut som at det var sjølvaste Tor Arne Sigstad som var sist på ballen, men det var for fantastisk til å vere sant. Tor Arne var nemleg kalla inn som supersub av trenar Morten Jelsa, og om han hadde gjort som han har gjort mange gonger før og skåra på hjørnespark, så hadde det vore på første berøring av ball på a-laget sidan 2013!
Tasta 2 hadde ikkje så mykje og komme med, men på 1-0 til Suldal hadde dei eit skot i tverrliggaren. Hadde den gått inn, så kunne kanskje kampbildet vore annleis.
Fakta:
Mål:
22 min: 1-0: Jone Utbjoa. Målgjevande av Hallvard Erfjord.
43 min: 2-0: Hallvard Erfjord. Målgjevande av Jone Utbjoa.
65 min: 3-0: Lars Lavalette. Målgjevande av Bjørn Madland Steine.
70 min: 4-0: Jone Utbjoa. Målgjevande av Lars Lavalette.
86 min: 5-0: Bjørn Madland Steine. Målgjevande av Ørjan Underbakke.
Gule kort: 
Ingve Berge og to på Tasta 2.
Lag: