Hallvard Erfjord tok tilbake toppskårartittelen i år.
Etter å ha lånt vekk denne prisen til Jone Utbjoa (2015) og Øyvind Gjuvsland (2014), er spissen vår tilbake der han var i 2013 og 2012, på topp av toppskårarlista til Suldal med 12 mål.
Det var såvidt det haldt, for Tore B. Søraas haldt på og ta tittelen bare på ein kamp. Han gjorde kunststykket og skåra 9 mål i kampen mot Siddis 2. Hallvard drog likevel sigeren i land på å jamnt og trutt putte ballen i mål gjennom heile sesongen. Han var som skillpadda i kampen mot haren for å bruke ein metafor!
Ei ekstra fjør i hatten til erfjordbuen er det at trenaren har nytta han som back i fleire kampar i år! Flott jobba!
Nemnde Tore Bendiksen Søraas kapra andreplassen med totalt 11 mål på fem kampar, eit heilt greit snitt. Siste pallplass gjekk til ein gjengangar på topp-tre; Jone Utbjoa med ni mål.
Elles kan det nemnast at heile 17 spelarar skåra mål i år, noko som må vera rekord dei siste ti åra? Og me skåra for ein gong skuld mykje mål, heile 56. Det er nok til å vere det tredjemest skårande laget. På tabellen er me oppført med 59 mål, men tre av desse kjem av walk over 3-0 mot Vaulen 2.
Heile oversikta finn de på Harde fakta.
Trackbacks/Pingbacks