Det gjekk etter måten finslig for seg i år og, me samlar ikkje all verda med kort.
Ådne Nærheim var ivrigast etter å komme i dommaren si bok i år. Sidan han berre spelte halve sesongen, så må ein vel seie at han beit godt frå seg med sine tre gule kort. Faktisk stod han lenge i kretsen sine almanakkar med fire gule. I ein kamp greidde han kunststykket og bli notert med to gule utan å få det raude og bli utvist!
Ingen fekk raudt kort i år, og det er heilt i orden. Fire spelarar noterte seg for to gule, og tre andre fekk eitt gult kvar. 14 gule totalt gir eit snitt på godt under ein pr kamp.
Full oversikt på Harde fakta.