Bortekamp og lokaloppgjer mot Sauda for gutelaget denne kampen.
Dette var returoppgjer etter at Sauda var vår første motstandar i vår. Den kampen vann me 6-1. Etter det hadde Sauda vunne alle sine kampar, og me rekna med hard motstand. Og det fekk me…..Det var ein del tunge bein i dag pga. at dei fleste hadde spelt kampar i Suldalsserien dagen før.
Sauda starta kampen best og spelte lange og høge ballar som vart slått i rommet bak forsvaret vårt, og me sleit med å komma inn i kampen. Me klarte ikkje å legga nok press på pasningsleggaren, slik at det oppstod ein del farlege situasjonar framføre målet vårt. Litt mot spelets gong tek me likevel leiinga på ein glimrande overgang der Sindre L. kjem åleina med keeperen til Sauda og scorar sikkert.
Me kjem etterkvart meir med i kampen og me skapar sjansar. På ein av desse sjansane går me opp til 2-0 etter fint innlegg frå høgresida, som Øystein N. headar fint i mål. I denne perioden kunne me fort fått 3-0, men det var i staden Sauda som kom fint fram på høgresida, og fekk redusert til 1-2. Men me blir ikkje stressa av det, og fortset med å skapa sjansar, samtidig som både keeper og forsvar gjer ein god jobb hos oss.
Før pause får me nok ei fin scoring signert Sindre L., og 3-1 til oss vart pauseresultatet. Me måtte gjera ein del omrokkeringar pga. Øystein N. sine lyskeproblemer, som gjorde at han måtte gå ut.
Sauda fekk eit visst press i 2. omgang, men både forsvar og keeperen vår Ingve rydda opp i stor stil. Heile laget jobba for kvarandre, og etter halvspelt 2. omgang gjekk me opp til 4-1 etter eit flott innlegg frå Sindre L. til Lars Kristian som kunne breisida inn 4-1. Då hadde me full kontroll, og då Fredrik sende avgarde ei kula frå 35-40 mtr. som gjekk rett i mål til 5-1 leiing var kampen i alle fall avgjort. Flott scoring.
Når me i tillegg vart snytt for eit soleklart straffespark etter at keeperen til Sauda ”overfalt” Sindre O., vart eigentleg kampen vunne fullt fortent.
Kjempeinnsats av gutane, i ein vanskeleg kamp, på uvant underlag (grus). Når me i tillegg klarte 2100 ferja på Ropeid heim igjen, var kvelden vellukka.
Neste kamp for gutane er heime mot Falkeid torsdag 4. juni.
Desse spelarane var med i dag: Lars Kristian, Dagfinn, Andreas, Mads, Øystein W., Johannes W., Sindre L., Øystein N., Fredrik, Sindre O., Ingve, Håkon og Christer.
Mål: Lars Kristian 1, Sindre L. 2, Øystein N. 1 og Fredrik 1
Svein Ø.
lett..