Innleiinga på pinse kunne knapt vore betre. Strålande ver, herleg bilkø langs Forus og siger og tabelltopp! figgjo_logo

Det var denne kampen som skulle vise om me verkeleg hadde noko i toppen av divisjonen å gjere. Figgjo var så langt ubesigra, fire sigrar og to uavgjorte kampar var fasiten deira før kampen. Og sjølvtilliten deira var det ikkje noko å seie på. Som de kan sjå elles på sida, fyrte dei oss godt opp på førehand med å insinuere at me berre hadde slått dårlege lag og fått gratispoeng. Betre motivasjon går det ikkje an å få. Sitatet vart lese opp i garderoben før kamp, og så var det berre til å sleppe tyrane laus!

Og sjeldan har vel Suldal vore så klar når kampen starta. Med nokre få unntak på dødball der Figgjo faktisk fekk urovekkjande store sjansar,var det Suldal som styrte og hadde spel og angrep. Thomas Brustveit og Vegard Aas leia an med svært høgt og aggresivt press. Figgjo skal ha honnør for at dei prøvde å spele seg ut av forsvar, men når dei fekk to brunstne oksar oppi seg med ein gong, så vart det ein del feilpasningar. Dermed greidde Suldal å halde presset oppe og etablere seg på Figgjo sin halvdel. Blandt anna hadde Thomas eit skot i tverrliggjaren.

Då omgangen var 33 minutt gammal, fekk Suldal frispark eit par meter inn på Figgjo sin banehalvdel. Ein for dagen strålande opplagt Tor Olav Berge tok frisparket. Han sendte ballen i ein flott boge inn i straffefeltet, beint på mål. Keeper fekk både sola og Tore Sørås i augo, og dermed for ballen rett i mål frå ca 45 meter. Dette var Tor Olav sitt føste mål for Suldal. Han har fått litt tyn for at han aldri har skåra før, så det var svært fortent at han endeleg fekk nettkjenning. Men det såg ut som at han ikkje heilt visste korleis ein feirar at ein har fått mål!

Resten av omgangen haldt bortelaget presset oppe, dei jobba knallhardt, kontrollert og aggresivt. Det føltes derfor noko urettvist at Figgjo utlikna på hjørnespark rett før pause. Det var rett og slett litt overraskande at dei fekk så fritt spelerom på desse hjørnesparka sine. Her er det noko å ta tak i før neste kamp. Men sjølv og Figgjo fekk eit strategisk viktig mål, var det god stemning i garderoben i pausa. Me hadde alt vist at me hadde noko i toppen å gjere. Det var nok fleire som tenkte som trenaren før kampen, at dette kjem til å bli vanskeleg og får me med oss poeng så er det kjempebra. I pausa vart me einige om at her går me for siger. Det var ingenting som skulle tilseie noko anna. Suldal var gode og på høgget.

Men andre omgang starta ikkje bra for Suldal. Figgjo hadde fått rista av seg sjokket over at dei ikkje kom til å få noko gratis i denne kampen. Dei kom til både tre og fire gode sjansar der det berre var marginar som gjorde at Erik W. Vold slapp å vase seg inn i nettet for å hente ut ballar. Dei 10 første minutta av omgangen var heimelaget farlege. Men så fekk Suldal balanse i laget og resten av omgangen var det Suldal som styrte. Vegard herja med stopparane deira og sprang og sprang og sprang og sprang. Sprang gjorde alle dei andre og. Spesielt kjekt var det å sjå at dei som ikkje har så mange kampar i beina kunne komme inn å gjere ein strålande jobb. Erik Bård Bråtveit, Torstein Erfjord, Sigvart Vårvik og Robert Sjøholt er framleis i tenåra, men viste stor forståing for spelet og ein framifrå innsats.

Sigvart vart offer for at trenaren ikkje kom på at oppvarming kan vere greit og for innbyttarar. Etter femten gode minutt i starten av andre omgang var beina hans stokk stiver etter å ha sprunge kalde opp og ned langs flanken. Han var likevel så vaksen at han gav beskjed om at nå var det slutt, samstundes som han gav trenaren litt dårleg samvit…. Torstein kom så inn og haldt fram det gode arbeidet Sigvart hadde starta. Han viste stor ro med ballen, og ei stund ut i omgangen kom han ned på høgresida, kikka opp og såg Vegard stå eninsam og forleten på sju meter midt framfor mål. Pasninga kom på rett tid. Vegard tok i mot, vende mot mål og plasserte ballen trygt i nettet. Same Vegard var det som fekk det tredje målet til Suldal. Han var opptatt i pausa av at me måtte få spelemål og mot Figgjo, ikkje berre dødballmål, for då kunne me verkeleg stoppe munnen på heimelaget. Dette ordna han til gangs med hans andre mål for kampen. Fint spel og flott skot i mål frå rundt 16 meter.

Sjølv om Figgjo la om til tre angriparar etter dette, og sjølv om dei fekk ei redusering, så enda kampen med ein kontrollert bortesiger mot laget som låg på andreplass på tabellen. Etter dette resultatet leiar Suldal nå med fire poeng. Men det er nå me skal vise at me tåler å liggje i toppen. Nå tek me fram Mons Ivar sine strileformaningar, me skal byggje stein på stein framover. Så får me sjå om gjerdet vert langt og høgt når me nærmar oss oktober.

Neste kamp er laurdag 6. juni i Vikjo kl 15. La plastendene bade i Sandsosen på eiga hand og møt heller opp for å sjå god fotball mellom Låjen og Nuten!

Fakta:

Mål:

0-1: 33 min: Tor Olav Berge

1-1: 43 min: Figgjo

1-2: 60 min: Vegard Aas

1-3: 70 min: Vegard Aas

2-3: 75 min: Figgjo

Gule kort:

Eitt til Figgjo

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Vegard Aas

2 poeng: Tor Olav Berge

1 poeng: Tore Sørås

Lag:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Vidar Hilde – Bjørn M. Steine, Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Rene Adjemi – Vegard Aas, Thomas Brustveit

Innbyttarar: Erik Bård Bråtveit, Sigvart Vårvik, Torstein Erfjord, Robert Sjøholt