Lokaloppgjer og botnkamp er stikkorda for denne kampen!

Både Hjelmeland og Suldal har hatt dårleg utteljing i vår. Begge lag føler dei har hatt gode sjansar til å henta poeng i fleire av kampane så langt, men har ikkje vore dyktige nok i dei avgjerande fasane av spelet. Hjelmeland hadde smultring i poengkolonna før kampen, og Suldal sine tre poeng var gratispoeng sidan Siddis 2 ikkje møtte til kamp. Så det var i alle fall sikkert at minst eitt av laga ville få utteljing i dag. Det er klart at alle kjende på at det var viktig å vinna denne kampen, men det kan vera greitt å tenkja på at ordet «viktig» ikkje er så viktig i fotball i 6. divisjon i Noreg samanlikna med andre område i livet og i verda.

Me driv med fotball for å ha det kjekt, då skal me ikkje ha skuldrene høgt i slike situasjonar. Derfor var meldinga før kamp at me sjølvsagt skulle jobba hardt, spesielt i begge straffefelt. Skulle me likevel få mål imot, slik me stort sett gjer før me kjem i gong sjølv, så skulle me ikkje kjenna at det var så alvorleg.

Den kjensla slapp me heldigvis å kjenna på denne gong. Hjelmeland hadde ikkje vore borti ballen då me kunne notera oss for 1-0-leiing! Omlag 30 sekund inn i kampen vart ballen spelt til Sigvart Vårvik i vårt tre-manns-forsvar. Han slo ein flott krossar ut til Glenn Søraas på høgrekant. Han kom seg rundt backen sin og la inn til ein umarkert Erik Vaage på fem-meteren. Han hadde ein enkel jobb med å breisida ballen i nettet, og då viste klokka 45 sekund!

Det var ikkje gått meir enn tre minutt til før me rulla rundt eit angrep på motsett side. Angrepet vart avslutta med godt samarbeid frå dagens spisspar. Ingve Berge kom seg ned mot dødlinja og la inn til Magnus Søraas. Han fekk god tid til å kontrollera ballen, kikka opp og plassera ballen roleg i mål frå omlag sju meter, og fekk med det sitt første mål for Suldal. Klokka viste fire minutt. Kor skulle dette enda?

Suldal haldt fram med å spela ballen raskt og presis langs bakken, og verka til å ha full kontroll, men så bestemte Hjelmeland seg etter kvart for å vera med i kampen. Frå omlag 15 minutt og ut, var dette ein jamn kamp, noko resultatet i resten av kampen tilseier. Me var ikkje lenger raske nok i rørslene våre, me spelte ikkje ballen raskt nok, og me slapp Hjelmeland inn i kampen. Dei fekk til nokre halvfarlege kontringar, noko som gjorde at me la om til fire i forsvarsrekka. Etter at me gjorde det, fekk me ganske god kontroll bakover, men me fekk ikkje til noko særleg framover heller.

Då pausen kom, hadde me hatt ein kjempesjanse til verkeleg å punktera kampen då Ingve fekk stå omlag på ope mål på fem-meteren, men ballen gjekk hårfint utanfor.

Andre omgang var ikkje svært velspelt, akkurat. Ikkje så mange sjansar, men spelarane viste at dei ville vinna kampen. Då me fekk 3-0 etter 55 minutt, trakk nok mange eit letta sukk. Det kom etter innkast på vår venstreside. Ingve fekk ballen og la eit høgt innlegg inn i feltet. Opp frå intet steig Dawud Ibrahim. Også han skåra sitt første mål på a-laget i dag, med eit strålande hovudstøyt. Det var ei skikkeleg klasseskåring, og viser det me snakka om før kampen, at me skulle trø til i målfeltet.

Resten av kampen gjekk med til å kikka på klokka og hala sigeren i land. Hjelmeland fekk ei redusering etter 70 minutt. Det var nok offside, men når ein elles god dommar likevel lot spelet gå, skal Hjelmelandsspelaren ha skrøyt for ei fin avslutning då han kom gjennom åleine mot Svein Egil Holmestad i målet vårt.

Det enda altså med siger og tre etterlengta poeng. Gjennomføringa av sigersropet i garderoben viser at det er ei stund sidan sist me vann. Me treng å øva på å stava S-U-L-D-A-L! Håpar me får ein ny sjanse på fredag. Då er det den siste kampen i vårsesongen, borte mot Hundvåg 2. Med siger i den kampen, så kan me seia at me har meldt oss på i sesongen.

Fakta:

 

Mål: 

1 min: 1-0: Erik Vaage, målgjevande Glenn Søraas

4 min: 2-0: Magnus Søraas, målgjevande Ingve Berge

55min: 3-0: Dawud Ibrahim, målgjevande Ingve Berge

Gule kort:

Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa, Rodas H. Teklay + nokre til Hjelmeland.

Lag: Svein Egil Holmestad – Robert Sjøholt, Sigvart Vårvik, Håvard Fatnes – Erik Vaage, Ørjan Underbakke, Isak Berge Espe, Jone Utbjoa, Glenn Søraas – Ingve Berge, Magnus Søraas

Innbyttarar: Dawud Ibrahim, Daniel Berge Espe, Rodas H. Teklay