Ein fantastisk flott kveld for fotball, danna ramma om kampen i Prestavikjo.
I tillegg masse publikum, der ein del av dei hadde følgt sine håpefulle i kampar for miniknott, knott og lilleputtar i forkant av 15 årslaget sin kamp.
Denne gongen hadde me forfall frå Dagfinn (overtråkk) og Andreas (febersjuk). Det betyr at me måtte ha med 14 åringane Steffen Øyjord og Thomas Tveiten. I tillegg Øystein W. og Thomas J. frå 14 årslaget. Me var med det 12 disponible spelarar.
Før kampstart fokuserte me på å nullstilla oss til kamp, vera positive, vera tydelege i kommunikasjonen, ha god bevegelse, gjera dei rette løpa og vera interesserte i å ha ballen. Det gjekk ikkje lange tida før me gjekk opp til 1-0 og 2-0, og det fortsette til me leia 4-0, og me dominerte banespelet.
Så skjedde det ein episode der ein Falkeidspelar gjekk i duell med vår keeper Ingve. Resultatet var at motspelaren tråkka på armen til Ingve, og det vart skikkeleg vondt… Ingve enda på sjukehus i Haugesund med brudd i armen og gips. Så for han blir det ein lang fotballpause.
Heldigvis hadde me Lars Kristian klar til å steppa inn, men allereie nå hadde me brukt opp innbytarkvoten. Kampen dala litt i kvalitet frå vår sida, men me klarte likevel å auka leiinga til 5-0 på slutten av omgangen.
I pausen hadde Ola og Morten nokre velvalde ord å fortelja spelarane. Det er mykje positivt, men det er alltid eit forbetringspotensiale.
2. omgangen fortsette med at me dominerte banespelet, og me kom fram til mange fine sjansar som ikkje vart mål. Me scora likevel 6 flotte mål i denne omgangen. Mykje positivt spel, som imponerte dei mange publikummarane. Dette laget har eit stort potensiale, men det er beklageleg at me er så få spelarar. Me tålar mest ikkje ein einaste skade eller fråver.
Nå gjenstår 2 kampar. Ein heime mot Ferkingstad tysdag 16. juni og siste vårkampen borte mot Stegaberg måndag 22. juni.
For dei som ser på tabellen viser den at me har vunne alle 6 kampane og har 18 poeng med 63-10 i målskilnad. Imponerande!
Desse var med på kampen: Ingve, Thomas J., Mads, Øystein W., Thomas T., Sindre L., Øystein N., Fredrik, Sindre O., Steffen, Christer og Lars Kristian.
Målscorarar (med eit visst forbehold) : Steffen 1, Fredrik 3, Sindre L. 2, Øystein N. 4 og Sindre O. 1
Svein Ø.