Laurdag 20. juni var siste kamp i vårsesongen, og det var Mastra som kom på besøk denne fine dagen. Suldamasl mønstra denne kampen ein stor tropp, og har vel sjeldan hatt ein sterkare og meir rutinert gjeng på benken.

I sist kamp, mot Lura, fekk me mål mot oss etter eitt minutt, og spelet kom ikkje skikkeleg i gang før langt ut i kampen. Mot Mastra prata me før kampen om at me måtte ta tak frå start av. Det var derfor ikkje etter planen at også Mastra fekk ein god start mot oss. Kampen var ikkje meir enn fem minutt gammal då Erik W. Vold i heimemålet var uheldig med eit utspark. Mastra snappa ballen og spelte ut mot kanten der ein annan spelar enkelt kunne settje ballen til sida for keeper. 0-1 etter fem minutt.

Øystein var bestemann i dag.

Øystein var bestemann i dag.

Men på trass av denne kalddusjen, var det Suldal som hadde ballen mest. Spelet var ikkje det heilt store, men me kom då til nokre sjansar. Det var spesielt Øystein Nærheim og Erik Bård Bråtveit som leda an, kjempa, sprang og vann duellar. I første omgang var det desse to som utmerka seg spesielt positivt for Suldal. Men Vegard Aas viste og godt igjen, og det var han som vart felt då dommaren etter 13 minutt peikte på straffemerket. Den faste eksekutøren Rune Andre Laugaland var ikkje på banen på dette tidspunktet, så kaptein Tore Sørås tok ansvar. Han sette ballen sikkert opp mot målvakta sitt høgre hjørne. Viking, her har de noko å lære! 🙂

Og apropo dommar. Her er det på sin plass å nemne nokre ord om dommaren for dagen, Stian Eikesdal frå Haugesund. Han dømde ein nær perfekt kamp, og det trur eg begge lag kan skrive under på. Ryddig og konsekvent, og han la seg på ei fornuftig line når det gjaldt taklingar og frispark. Me håpar me får fleire besøk av han framover!

Resten av omgangen bølga spelet litt fram og tilbake. Begge lag hadde nokre sjansar, men det var Mastra som fekk mål. Det kom etter eit frispark som ein spelar stussa over Erik i målet etter rundt halvtimen. Det siste kvarteret pressa heimelaget til dels voldsomt, og hadde ein drøss med hjørnespark. Odd Åsgeir Lunde slo desse med god presisjon gang etter gang, men spelarane inne i feltet som skulle få ballen i mål vart for forsiktige. Det var lite killerinstinkt a la John Terry. Det vart for puslete, rett og slett. Dessutan hadde Mastra ein

Erik Bård laga sitt første mål for Suldal.

Erik Bård laga sitt første mål for Suldal.

reaksjonssterk keeper som tok det som måtte komme. Dermed gjekk laga til pause med ei forsåvidt fortent leiing til bortelaget.

I pausa var det likevel greit å sjå at me ikkje var stressa over å liggje under. Me veit at me har vore bak før og snudd kampen. Me såg og at me hadde sjansar til å få mål. Det me vart einige om, var å trø hardare til på dødball, og ikkje minst å våge å spele ballen langs bakken. I første omgang vart det noko oppjaga, og me greidde ikkje å halde ballen i laget.

Det er mogleg spelarane fekk med seg det som vart sagt i pausen, for det var nettopp at me våga å halde på ballen og spele den til kvarandre som gjorde at andre omgang fullt og heilt var Suldal sin. Mastra hadde nokre få sjansar. Dei hadde ein rask spiss som var halvfarleg på kontringar, og dei hadde eit fantastisk skot i tverrliggjaren på heil volley frå borti 30 meter. Den hadde forsåvidt fortent å gå i mål, men heldigvis gjorde den ikkje det.

Utlikninga kom etter ca ein time spel. Øyvind Gjuvsland tok frispark frå 40 meter. Som mot Figgjo då Tor Olav Berge skåra direkte frå omtrent same distanse, forstyrra ein suldalspelar målvakta nok til at han mista kontroll over ballen og slo den i mål. Eit litt heldig mål av Øyvind, men eit godt slått frispark.

Dei to siste måla var det spissparet som stod bak. Vegard spelte ein svært god andre omgang og var mykje involvert i det offensive spelet. Han fekk tak i ballen, spelte vegg med makker Erik Bård og kom åleine med keeper. Ballen sette han elegant til side for målvakta og Suldal gjekk opp i leiinga.

Rett etterpå betalte Vegard tilbake med å sende eit innlegg 45 grader ut til ein umarkert Erik Bård som kunne breiside ballen i mål. Det var fortent at han fekk sitt første mål for Suldal i denne kampen, for han la ned svært mykje godt arbeid. Dermed ebba kampen ut med ein kontrollert heimesiger.

Terje fekk sin debut på a-laget.

Terje fekk sin debut på a-laget.

Andre omgang var kanskje det beste Suldal har spelt i år reint fotballmessig. Det har vore omgangar tidlegare der det har vore god jobbing og tendenser til godt spel, men i denne andre omgangen tok heimelaget fullstendig over heile spelet. Det var angrep der ein kunne telje 10-15 trekk utan at Mastra fekk tak i ballen. Midtbanen var flinke til å vende spelet, backane – og spesielt Robert Sjøholt – var flinke til å vere med framover. Spissane var stadig i rørsle og alle gjorde det enkelt for kvarandre. Suldal gjorde og heile sju bytte i denne omgangen, slik at det var mange friske bein som kunne springe lenger og raskare enn Mastra sine etter kvart trøtte legger. At me kan bytte inn så mange og likevel føre spelet så godt, vitnar om ein brei og god stall. Ein av dei som kom inn var Terje Gjuvsland som fekk sin debut for Suldal. Han er dermed den 25. spelaren som har spelt seriekamp for Suldal denne våren.

Då dommaren bles sluttsignalet, kunne me juble for ein god kamp og ikkje minst for ein godt gjennomført første halvdel av sesongen. Nå fortener alle ein fin ferie i toppen av tabellen før me går laus på ein svært spennande haustsesong. Den gode stemninga som råda i garderoben etter kampen tok mange med seg først til Eriksmoen der sosialsjef Hans Olav hadde ordna til grilling, og seinare ut i dei små timar på ulike stadar rundt omkring…

Fakta:

Mål:

5 min: 0-1: Mastra

13 min: 1-1: Tore Sørås (straffe)

30 min: 1-2: Mastra

60 min: 2-2: Øyvind Gjuvsland

70 min: 3-2: Vegard Aas

72 min: 4-2: Erik Bård Bråtveit

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Øystein Nærheim

2 poeng: Erik Bård Bråtveit

1 poeng: Odd Åsgeir Lunde

Lag:

Erik W. Vold – Øyvind Gjuvsland, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Vidar Hilde – Øystein Nærheim, Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Rene Adjemi – Erik Bård Bråtveit, Vegard Aas

Innbyttarar: Robert Sjøholt, Rune Andre Laugaland, Bjørn M. Steine, Nils Arne Moe, Sigvart Vårvik, Geir Bjarte Hoftun, Terje Gjuvsland