I kampen viste Suldal seg både frå si gode og mindre gode side

Etter eit forsmedeleg tap mot Julebygda sist laurdag var det ein revansjesugen gjeng som stilte til kamp mot tabellnabo Forus og Gausel 2 (FGI) denne fredagen i midten av juni.

Til denne kampen hadde trenar, Arne heile seksten karar å velje mellom. Valget til startellever denne gongen vart Andreas i mål, Håvard og Odd Inge på backane, Sven og Torjus i midtforsvar, Christian og Lars på ving med Rene, Isak og Bjørn sentralt på midtbanen. Hallvard starta som einsam svale på topp. Den kruttsterke benken bestod av Ørjan, Erik, Andre, Haakon og Johannes.

Suldal starta kampen litt «shaky» der FGI hadde ei lita føring i kampen. Me hang ikkje heilt med og gjorde enkle feilvalg. Det var også eit slikt valg som skulle til for at heimelaget fekk det berømte holet på byllen. Suldal har til nå i kampen ikkje makta å sette forsvarslinja skikkelig. Dette skulle dei blå/kvite få uttelling for. Suldal står passivt å held handa for offside i været, medan han heimante får spasere gjennom i onside-posisjon. Aleine med Andreas gjer han ingen feil. 1-0. Etter denne kalddusjen kom Suldal seg meir med i kampen og var dei siste 25 minutta av omgangen meget gode. Me kjempa og vann ballen, noko som igjen førte til ei rekkje gode sjansar til å sette både utligning og gå i leiinga, men nei. 1-0 stod det og 1-0 var resultatet til pause.

Alle var enige om at me hadde heva oss betraktelig og at me skulle ut å fortsette som me avslutta første omgang på. Arne gjorde også ei endring på laget då han bytta ut Christian med Erik. Dette førte også til at Mr Våge gjekk bak som midtstoppar, medan Torjus gjekk fram på plassen til Bjørn, som igjen tok plassen på venstre kant. Eit byte som Arne truleg gjorde for å få meir ut av kapasiteten til Torjus.

Andre omgang starta med eit Suldal som tok litt tak i starten, likevel skulle det nok ein gong vise seg at me må lære oss at ein fotballkamp har to omganger. Me må kunne klare å halde ut desse gode periodane over lengre tid. i frå om lag det femtiende minutt og ut til kampslutt vart bortelaget spelt ball i hatt med. Underteikna er overbevist om at dette kun skyldes vår eigen svakhet i denne delen av kampen. Ekstrem strekk i laget, lite prating, lite trøkk i taklingane og elendig pasningsspel. Slik blir det lite mål og poeng av. Det sku

Ein slagen gjeng sit å ventar på at dommar skal blåse av kampen

lle også vise seg at denne perioden skulle gi heimelaget nok eit mål. Etter ganske bra spel kunne spissen til FGI enkelt sette inn 2-0. Fullt fortjent etter spel og ballinnehav. Etter dette verka det bare som at suldølen ville ta turen i dusjen. Ingen verka ta tak og lite kunne Arne gjera for å endre på dette. Det vart 2-0 tap på Knudamyrå denne fredagskvelden.

Som oppsummering ser forfattaren at det er mykje bra i laget vårt, men samhandling og viljen til å kjempa i 90+ minutt må opp. Ordnar dette seg vil poenga komme. Herlig gjeng med positive karar som vil vinne, men kanskje må ville dette endå meir. Neste fredag er det nok ein tur med hurtigbåt og taxi. Då går turen til Våganes. Forhåpentligvis har gjengen med seg vinnaroppskrifta til den kampen.