Eide, Sand 24. juni AVLYST!

Sand/Suldal sitt G15 lag var klar for vårsesongens siste kamp 24. juni. Etter mange endringar av kampdatoar var begge lag enig om å spela kampen onsdag 24. juni.

3 timar før kampstart får me beskjed frå Ferkingstad at dei ikkje kan stilla lag. Beklageleg, for gutane hadde sett fram til vårens siste kamp.

Etter tlf. med Jorunn Einarsen hos kretsen blir det sansynlegvis 3 poeng og 3-0 seier registrert til Sand/Suldal.Dette betyr at laget er suverene vinnarar av divisjonen. 8 kampar, 24 poeng og 77-10 i målforskjell.

Gutane har vore kjempeflinke til å stilla opp, sjølv om me har ein tynn stall. Som regel har me vore mellom 11 og 13 spelarar til kampane. Viss me ønskjer kan me nok spela i 1. divisjon til hausten, men me må ta ei oppteljing over spelarane. Me er og heilt avhengige av eit godt samarbeid med Erfjord/Suldal i G14 klassen for å få dette til.

Med dette ønskjer me alle ein god sommarferie!

Svein Øystein