SIF 2 1-2 Suldal

Siger nummer to for sesongen skulle bli eit faktum då botnlaget SIF2 stod på motsatt banehalvdel denne andre fredagen i mai. Siffen stadion bada i sol i det kalde vår været, men til tider varma jakken mykje betre enn spelet til dei gul-svarte frå Suldal.

Arne Abrahamsen kunne stille eit slagkraftig lag, men det skulle bli alt anna enn lett å ta med seg tre poeng frå denne kampen. Sjølv om SIF 2 hadde vore gavmilde og sluppet inn nitten mål på sine tre første kampar, kjempa dei godt i samfulle minutt av kampen. Dette i tillegg til at Suldal bomma på ei rekke store sjansar gjer sitt til at resultatet ser jamnare ut enn det egentlig kunne blitt

Både Tore Søraas, Christian Smithson og Vegard Aas burde og skulle ha putta ganske lette mål, men det ville seg ikkje heilt for dei tre heltane frå Sand denne kvelden. Det var SIF 2 som skulle komme med det første målet i kampen, litt mot spelets gang. Etter dette tok Suldal heilt over kampen og dei kvite frå Stavanger hadde full hyre med å forsvare eige mål. Bortelaget i gule drakter fortsatte å trykke på og kom seg til både gode, store og feite sjansar utan at det vart mål. SIF 2 virka etter kvart å bli slitne og tunge slik at det vart mange frispark i farlig sone. Det var på to av desse dødballane at me skulle snu kampen. Først eit håvestøt av Torjus Steine etter ein strålande dødball av Ørjan Underbakke før Knut Foldøy stussa inn eit flott frispark frå Jon Eirik Liseth like før slutt. Eit slitent heimelag klara ikkje heilt å svare på dette og kampen ebba ut med bortesiger.

Underteikna er i store deler av kampen imponert over kor bra Suldal kan spele om konsentrasjonen er på topp. Me må likevel vera på topp om me skal vinne kampar i denne pulja då det i små periodar var mykje småfeil som førte til at SIF 2 fekk behalde ball meir enn me ønska. Det er mykje positivt å ta med seg i tillegg til tre poeng frå denne kampen. Det vitner om at trenar Arne og laget har jobba bra med viktige element i spelet på treningane i vinter og det blir spennande å sjå korleis laget utviklar seg til å bli enda betre utover i sesongen.

Neste kamp for gutane er tirsdag 21 mai borte mot Hjelmeland før me tek i mot Brodd 3 i Prestavikjo laurdag 26 mai klokka 13.00

Klikk for kamprapport

Fakta:

Gule kort

Jon Eirik Liseth og Tore Bendiksen Søraas

Mål

1-1: Torjus Steine

1-2: Knut Hoås Foldøy

Målgivende

Ørjan Underbakke og Jon Eirik Liseth

Laget: Jørgen André Mikkelsen, Håvard Fattnes, Jon Eirik Liseth, Torjus Steine, Christian Smithson, Ingve Berge, Isak Berge Espe, Tore Bendiksen Søraas, Muhammed Dawud, Jone Utbjoa, Vegard Aas

Benk der alle fekk speletid

Ørjan Underbakke , Knut Hoås Foldøy, Marcus Karlsen