Arkivfoto av Suldalsdamene frå i fjor, men mange er framleis med.

Så var endeleg Suldalsdamene klare for årets fyrste seriekamp! Me måtte passera 17.mai før me fekk prøva oss på grasmatta i serien, dette året med 11ér oppstilling.

Det var ein spent gjeng i garderoben før me skulle møta Ølen på heimebane i Prestavikjo, men nervøsiteten låg seg raskt etter at kampen vart blesen i gong. Me tok grep om kampen i fyrste omgang, og etter berre 5 minutt sendte Kristine ballen ned mot Mari som sette den solid i nettveggen til Ølen.
Suldalsdamene heldt oppe trykket i kampen og hadde fleire gode gjennomspel og sjangser på mål. Me skulle lukkast på ny etter 28 spelte minutt. Då sende Mari ballen ned mot Kristine som gjekk på løp og sette ballen i venstre hjørne for keeper, og slik stod altså stillinga til pause; 2-0 til Suldalsdamene.

I andre omgang legg Ølen seg høgt på banen og pressar oss ned i eigen banehalvdel. Me spelar oss til nokre gode sjangser også i denne omgangen, men me får også fleire sjangser mot oss. Etter 89 minutt får Ølen corner, Suldalsdamene sin keeper Mina held grepet om ballen, men med stort press frå fleire Ølenspelarar ramler ho inn i målet. Dommar godkjenner målet og spenninga i kampen stig. Men Suldalsdamene gjer jobben mot slutten av kampen og drar i land sigeren i årets fyrste seriekamp! Me endar på 2-1 mot Ølen og kan rapportera om god stemning i garderoben etter kamp.

Neste kamp ut vert søndag 2.juni mot Falkeid/Skjold/Stegaberg 2 på Frakkagjerd kunstgras. Kampen startar 15.00, og de er velkomne til ein annleis søndagstur ut på Haugalandet!

Mål:
5 min: 1-0: Mari Indrebø, målgjevande Kristine Bøe Berge
28 min: 2-0: Kristine Bøe Berge, målgjevande Mari Indrebø
89 min: 2-1: Ølen

Suldal:
1 Mina Lunde
2 Ingeborg Kristensen Hoftun
3 Kristina Kvæstad
4 Stina Tveiten
5 Kristin Austarå
6 Mari Indrebø
7 Åshild Tveit Vårvik
8 Mathilde Nerheim
9 Lina Baustad Hoås
10 Kristine Bøe Berge
11 Hanne Larsen Veng
13 Ine Naustvik
14 Sofie Helgeland Våge
19 Helene Hammer Vaage