Suldal sine beste menn har åpna sesongen ganske greit og låg seks poeng bak topplaget og denne fredagens motstander, Paradis.

Paradis er eit lag som hadde sin spede begynnelse på Storhaug i Stavanger for nokre år sidan. Suldal har møtt dette laget fleire gonger både i 5 og 6 divisjon der bylaget har hatt eit grep om oss bygdagutar, med få unntak. Kveldens heimelag spela i 5 divisjon 17/18 sesongen, men måtte ta den tunge vegen ned i 6 divisjon etter litt skral poengfangst. Denne sesongen har dei derimot imponert og hadde før kampen mot Suldal kun tapt ein kamp.

Kampen Paradis ikkje makta å ta med seg poeng frå var mot naboen vår, Hjelmeland. Det er tydeleg at dei gulgrøne slit mot lag frå Ryfylke for mot Suldal skulle dei nok ein gong gå på ein smell.
«
Underteikna har sett Paradis i aksjon denne sesongen og har blitt imponert over tempo, pasningsspel og evnen til å spele ut motstandar. I første omgang mot Suldal var det lite som tyda på at dei skulle evne å spele ut dei for dagen kvitkledde frå Osen. Suldal kjempa godt og var gode til å øydelegge for motstandaren gjennom heile omgangen. Det skal seias at me heller ikkje spela ein veldig god omgang, men underteikna synes likevel at det var eit overtak til bortelaget. Ved fleire anledningar var heimelaget litt for seine for kvikke suldalsføter og me fekk fleire frisp

Suldal jublar etter kampens einaste mål

ark i gode posisjonar heile omgangen. Det var på eit slikt frispark at Tore skulle vise seg å vere sterkast i feltet. Ein stålande slått dødball frå Jon Eirik førte til at ballen kom i god fart inn i feltet til Paradis. I enden på legget steig Tore til værs og stanga inn 1-0 til Suldal. Fleire mål kom det ikkje i første omgang, men me som stod på sida var enige om at Suldal hadde vore marginalt bedre enn heimelaget så langt.

Etter pause var det eit heilt anna Paradis-lag som entra kunstgraset på Siffen. Der dei ikkje hadde fått til spelet sitt i kampens første omgang, satt pasningane, bevegelsane og spelet mykje bedre for heimelaget nå. Suldal vart pressa bakover, men stod godt imot slik at Paradis ikkje fekk til dei største sjansane. Dei kvitkledde låg som ein mur like utanfor eigen 16 meter og gjorde det svært vanskelig for sine tekniske motstandere. I mål hadde Jørgen god kontroll på det lille som kom gjennom forsvarsmuren. For oss på sidelinja var dette både spennande, men også beundringsværdig sett med suldals-auger. Strålande laginnsats og kjemping heile omgangen gjennom. Det var derfor herlig då kampens glimrande dommar blåste av kampen og Suldal kunne ta med seg tre litt overraskande poeng frå ein veldig vanskeleg bortekamp.

Det var mykje bra å ta med seg frå denne kampen der kjemping og god lagmoral stod i fokus. Dette er noko gutane må ta med seg til neste helg, då nok ein god motstandar står på motsett banehalvdel. Då gjestar me nemleg Stemmen kunstgras og tabellnabo POL til nok ein spennande kamp om viktige poeng. Denne kampen går laurdag 22 juni kl 16.00

Mål/assist
Tore/Jon Eirik

Laget: Jørgen, Jone, Jon Eirik, Vegard, Marcus, Mohamed, Torjus, Knut, Ingve, Tore, Håvard
Benken: Ørjan (speletid) Dawud, Erik (speletid)