POL og Suldal var begge to av fleire lag på 15 poeng før denne laurdagskampen på Stemmen kunstgras på Tasta. Kun Paradis, som Suldal slo helga før hadde fleire poeng før 6 divisjon avdeling 3 tok ferie.

Det skulle bli ein kamp som vart prega av eit Suldal som ikkje hang saman. I tillegg overskygga ein stygg skade på Ingve mykje av kampen der Suldal tidlig havna bakpå. Feilpasningene florerte, det var lite prat og bortelaget var stort sett bak heimelaget i det meste. Ei stund var det såpass svakt at ein kunne tru kvart eit angrep av dei blåkledde frå Tasta skulle ende i mål eller i alle fall store målsjansar.
Resultatet lyg kanskje litt, for POL var heller ikkje spesielt gode denne kampen. Det var likevel fullt fortjent at alle poenga vart igjen i Stavanger denne gongen.

Underteikna var meir opptatt av å organisere transport, ringe rundt og holde seg oppdatert på tilstanden til Ingve enn å få med seg detaljene rundt måla til heimelaget, men det er ikkje så forferdelig viktig.
Det som er viktig er at det nå er ferie, det blir mange heimekampar etter ferien, sesongen har vore ok så langt og at det gjekk greit med Ingve sjøl om han måtte operere og ikkje er aktuell for spel igjen på fleire månedar.
Neste kamp er laurdag 17 august klokka 14.30 mot Vaulen 2 i Prestavikjo

Gule kort: Erik

Laget: Jørgen, Christian, Erik, Vegard, Marcus, Torjus, Isak, Ingve, Mohamed, Håvard, Ørjan
Benken der begge fekk speletid: Dawud og Javier