Dagens lag mot Torvastad.

Etter fleire tap og ein avlyst kamp var Suldalsdamene i dag klare for å reisa til Torvastad og gje dei skikkeleg kamp om poenga.

Suldalsdamene starta fredagen med å vere lokalisert godt spreidd på Vestlandet. Me kom reisande frå Stord, Ølen, Stavanger og Suldal, og hadde endeleg klart å samla ein stor nok tropp til og stilla til kamp. Dagen skulle likevel by på nokre utfordringar. Stengde vegar og halvsjuke spelararar sette sitt preg på dagens mannskap. Me fekk forskyva kampen ein halvtime grunna forseinka spelarar, men måtte starta kampen og spela store delar av første omgang med berre 10 spelarar. Takk til Torvastad-jr som spelte fairplay og tok ut ei av deira spelarar og! Etter kvart som bilen frå Stavanger kom på plass, var det fleire av Suldalsdamene som måtte ha seg pausar grunna skranten form. Trur trenar Petter Hoås sukka eit par ekstra gonger i dag, men etterkvart kom smilet på plass:)

Til tross for ein noko utfordrande opplading kom me godt i gong med første omgang. Me eigde kampen frå start, og etter 15 minutt ut i første omgang sette Lina ballen sikkert i mål etter gjennomspel frå Kristine. Etter første målet gjekk det 16 minutt med ballveksling med Torvastad-jr før me fekk på plass kveldens andre mål. Me hadde fleire gode sjansar, som nok burde vore i nettveggen, men etter 31 minutt sikra Ane Suldalsdamene 0-2 etter godt forsvarsspel og eit gjennomspel frå Kristine. Og slik stod stillinga til pause.

Etter nokre minutt ut i andre omgang fekk me tre scoringar i løpet av 9 minutt. Helene sette inn dei to neste måla, begge etter gjennomspel og målgjevande frå Kristine. Mål nummer fem var det nok ein gong Lina som stod for, dette etter sololøp frå midtbane. Siste mål fekk Ane æra av å setja inn i lengste hjørnet for keeper, etter å ha dratt seg gjennom fleire av forsvarsspelarane etter oppspel frå Kristina.

Solid forsvarsspel og gode ballvekslingar på midtbane danna i dag grunnlaget for fleire gode ballvekslingar og trygge mål i motstandaren sin nettvegg. Vikarierande keeper, Siri, gjorde og ein imponerande jobb! Kampen var prega av fleire store målsjansar, og me er svært nøgd med å starta helga med og reisa heim med ein solid siger og null baklengsmål!

Neste kamp for Suldalsdamene er borte mot Ølen 1, 18.september.

Fakta

Mål:

15 min: 0-1: Lina Baustad Hoås, målgjevande: Kristine Bøe Berge

31 min: 0-2: Ane Hoås Foldøy, målgjevande: Kristine Bøe Berge

51 min: 0-3: Helene Hammer Vaage, målgjevande: Kristine Bøe Berge

58 min: 0-4: Helene Hammer Vaage, målgjevande: Kristine Bøe Berge

60 min: 0-5: Lina Baustad Hoås, solo frå midtbane

83 min: 0-6: Ane Foldøy, målgjevande: Kristina Kvæstad

Lag:

  • 1 Siri Håranes Eide
  • 2 Mina Lunde
  • 3 Kristina Kvæstad
  • 4 Stina Tveiten
  • 5 Marte Hjelmervik
  • 6 Ane Hoås Foldøy
  • 7 Åshild Tveit Vårvik
  • 8 Kathrine Kroken Lono
  • 9 Lina Baustad Hoås
  • 10 Kristine Bøe Berge
  • 11 Maria Groven
  • 14 Sofie-Eilin Helgeland Våge
  • 19 Helene Hammer Våge, kaptein