Laurdag 7. september var det Suldalscup i fotball for aldersbestemte lag.

Denne cupen rullerer rundt i grendene i Suldal, og i år var turen komme til Suldal IL og Prestavikjo stadion. Fredagkveld ordna dugnadsgjengen til i eit høljande regnvêr, men då laurdagen kom var det med sol og god temperatur. Det var kjekt, for det blir ein heilt anna cupstemning med solskin enn regnvêr!

Suldal-il.no kjem til å komma med mange bilde frå cupen ganske snart, men inntil vidare kan de sjå mange flotte bilde på Suldalsposten sine nettsider.

Lilleputt-klassen (6.-7.-8. klasse) var først ut, dei starta opp kampane kl 09.00. Det var ti lag fordelt på to innleiande puljer, slik at alle fekk spelt fire kampar kvar. Dei to beste laga frå kvar pulje gjekk vidare til semifinalar og finalar. I Pulje A var Sand 2 suverene og  vann alle kampane sine. Erfjord 1 var laget som slo følge til semifinalane frå denne gruppa. I Pulje B var det jamnare, men det var to lag som skilte seg ut før dei andre. Sand 3 og Erfjord 2 enda begge opp med 9 poeng, men Sand 3 hadde betre målforskjell. Sand og Erfjord dominerte lilleputt, med andre ord. I den første semifinalen var det Sand 2 som vann etter ein jamn kamp 2-1 mot Erfjord 2.

I den andre semifinalen skulle det bli svært jamnt. Sand 3 og Erfjord 1 ville ikkje sleppa kvarandre frå seg, så etter full tid stod det 3-3. Då måtte det ekstraomgangar til, men heller ikkje her blei laga einige om kven som var best. Dermed blei det straffesparkkonkurranse. Kvart lag skulle få 5 straffar, då måtte ein vel få ein vinnar? Men nei. Spelarane var knallgode til å skyta straffar, så etter fem straffar til kvart lag stod det nå 7-7. Det skulle avgjerast på ein og ein straffe. Det er på kanten til at me likar å avgjera kampar på denne måten, for det kan vera eit stort press på spelarane, men loddtrekning er siste sort. Denne praksisen har blitt brukt på Suldalscupen tidlegare, og det verkar til å vera konsensus rundt dette. Då Sand 3 og Erfjord 1 hadde skote sine 6. straffar, var det til slutt Erfjord 1 som trakk det lengste strået og sikra seg plass i finalen mot Sand 2.

Bronsefinalen i lilleputt vart like jamn som den eine semifinalen; det måtte ekstraomgangar til. Her var det Erfjord 2 som trakk det lengste strået og vann 3-2 over Sand 3. Finalen skulle også bli jamn, det var etter kvart trøtte bein og hese trenarar og foreldre, spenninga var stor. Då dommaren bles av, var det Sand 2 som til slutt var best, slik dei var det i puljespelet. 2-1 blei resultatet i finalen over Erfjord 1.

Det kan verka som det berre var Sand og Erfjord som hadde lag i lilleputt-klassen, men både Suldal IL og IL Sand stilte med tre lag, Erfjord IL med to, og Haugil IL og Røldal IL hadde eit lag kvar. Spesielt kjekt å ha med seg Røldal IL i serie og cup i år. Dei stilte med lag i kvar klasse i Suldalscupen, og både dei og me håpar på vidare samarbeid.

Ein time etter at lilleputt hadde starta, var det miniknott (2.-3. klasse) som skulle i aksjon. Det var ti lag her også, fordelt på to puljer. Nesflaten IL, Jelsa IL, Haugil IL, IL Sand og Røldal IL hadde med eit lag kvar, Erfjord IL stilte med to lag, og Suldal IL hadde med tre lag. Dette er kanskje den mest sjarmerande klasse og sjå på. Her er det lite taktikk, eller kanskje kan me kalla det biesverm-taktikken. Tendensen er at dei fleste spelarane på banen er konsentrerte omlag ein halv meter bak der ballen til ei kvar tid er. Nokre spelarar er svært konsentrerte om fotballen, mens andre er meir opptekne av heilt andre ting enn å vinna fotballkamp. Poenget med miniknott er uansett glade ungar i leik med ball. Det såg det ut som at dei var. Høgdepunktet var nok premieutdelinga, eller kanskje pølse og brus i kiosken?

Knotteklassen (4.-5. klasse) tok over då miniknott var ferdig. Også her er det kampar utan teljande resultat, og det viktigaste er å ha det kjekt. Likevel ser me nok at desse spelarane er komne lenger både når det gjeld konsentrasjon, taktikk og teknikk. Denne klassen hadde også ti lag fordelt på to puljer, der kvart lag spelte fire kampar. Jelsa IL, Haugil IL og Røldal IL hadde eit lag kvar, Erfjord IL og IL Sand to lag kvar, mens arrangøren Suldal IL hadde med tre lag i denne klassen også.

Etter at fleire av ungdomsskulespelarane hadde vore med og hjelpt til med dømming av dei yngre, var det tid for konkurranse også for dei eldste. Dessverre viser det seg at mange sluttar med idrett når dei kjem på ungdomsskulen, det viser tala både i fotball og andre idrettar. Uansett var det kjekt med dei laga som stilte: Erfjord IL, Nesflaten IL, Suldal IL, Røldal IL og IL Sand. Desse møtte kvarandre i seriespel først. Her blei det svært jamne kampar mellom laga. Nokon hadde marginene på si side og vippa dei jamne kampane i sin favør, mens andre hadde meir stang-ut og ikkje fekk betalt for innsatsen. Etter at alle hadde møtt kvarandre, viste det seg at Nesflaten IL og IL Sand var heilt like både på poeng og mål, 8 poeng og 6-2 i målforskjell. Suldal IL og Røldal IL kjempa om 3. plassen i den siste innleiande kampen. Dei stod begge med 4 poeng og eit minusmål. Kampen var jamt, men Suldal drog i land 3-2 siger og kom med det på 3. plass i den innleiande runden. Røldal IL kom på 4. plass, mens fjorårsvinnar Erfjord IL i år enda sist. Ting snur fort!

Desse resultata førte til at Suldal IL og Røldal IL skulle gjera opp om bronsepokalen i ein bronsefinale. Også denne kampen blei jamn, men denne gongen – då det verkeleg gjaldt – var det Røldal som fekk inn flest mål, stillinga blei 2-1. Arrangøren stod dermed igjen utan pokal, mens dei blåkledde frå Røldal innkasserte 3. plass.

Så var det berre finalen i ungdomsserien igjen. Dei to laga me ikkje greidde å skilja i puljespelet skulle nå til pers. Nesflaten fekk ein kjempestart med mål frå keeper på dødballutspark, men etter finlesing av reglane måtte dette målet annulerast. Ved utspark etter dødball skal ikkje ballen over midten. Dermed blei det Sand som etter kvart fekk overtaket i kampen, og finalen enda med 3-0-siger til IL Sand. Dermed plukka dei med seg den største pokalen i begge konkurranseklassane.

Sjølve fotballkampane er jo grunnen til at det blir arrangert cup, men cup er så mykje meir enn kampar. Med det strålande vêret som var, blei det godt med folk i Prestavikjo. Hovudsponsorane Statkraft og Sparebanken Vest stilte opp med aktiviteter og premiar. Hos Statkraft kunne ein måla kor hardt ein skaut, rekorden var 90 km/t. Sparebanken Vest hadde med seg binge der ein kunne sparka ball, og dei hadde konkurransar. Dei yngste hadde presisjonsskyting, mens dei eldste hadde triksekonkurranse. Her blir det rapportert om godt over 400 triksingar.

Positive og motiverte spelarar, trenarar, foreldre og anna slekt og venner frå alle grender var med og skapte ei flott ramme rundt cupen i år, som alle andre år.

Økonomigruppa hadde to kioskar i gong, ein i «Buo» ved bane, og ein i Samfunnshuset/foajèn til Vinjar skule, der også toalett-fasilitetene var. Begge kioskar hadde god omsetning av pølser, brus, smoothies, sjokolade, is og lappar. Super innsats av økonomigruppa og dugnadgjengen deira. Fotballgruppa stilte med dommarar, ryddegjeng, banemerkarar, premieutdelarar, materialforvaltarar og sekreteriat.

Stor takk til hovudsponsorane Statkraft, Sparebanken Vest og Haugaland Kraft. Dei to sistnemnde er nye sponsorar nå etter sommaren. Derfor har Suldal IL fått nye drakter til alle laga, fullt sett til alle dei ti aldersbestemte laga og dei to seniorlaga våre. Totalt 14 draktsett. Dette er det Sparebanken Vest som har gitt, og det set me stor pris på. Me kjem til å ha ei markering seinare i haust for overrekkinga av desse draktene. Sand Sport har jobba på spreng for å trykka draktene ferdig til cupen, me er svært takksame for at dei nådde det!

Suldal Transport stiller alltid med lastebil som sekreteriatet kan halda til i, mens Joker Suldalsosen stiller med isboks og transport og retur av varer. Nemnde Vinjar skule og Suldal Samfunnshus er ein svært viktig samarbeidspartner for Suldal IL gjennom at me får bruka lokala deira til garderobe, toalett og kjøkken.

Når ein takkar, er det fare for å gløyma nokon. Skulle de ha skjedd, så skal de vita at de også skal ha takk!

Nå gjenstår litt av seriespelet før sesongen er over for 2019. Neste år er det eit nytt idrettslag som tek over stafett-pinnen.

Til slutt: Resultata.

Resultat:

Miniknott og knott er definert som barneidrett, og resultat frå kampane skal ikkje offentleggjerast.

Lag i miniknott (2.-3. klasse):

Nesflaten, Jelsa, Erfjord 1, Erfjord 2, Haugil, Sand, Suldal 1, Suldal 2, Suldal 3, Røldal.

Lag i knott (4.-5. klasse):

Jelsa, Erfjord 1, Erfjord 2, Haugil, Sand 1, Sand 2, Suldal 1, Suldal 2, Suldal 3, Røldal

Lilleputt (6.-8. klasse):

Finale: Sand 2 – Erfjord 1: 2-1

Bronsefinale: Erfjord 2 – Sand 3 3-2 eeo

Lag:

Erfjord 1, Erfjord 2, Haugil, Sand 1, Sand 2, Sand 3, Suldal 1, Suldal 2, Suldal 3, Røldal.

Ungdomsskulen (9.-10. klasse – 1.vgs):

Finale: Sand – Nesflaten 3-0

Bronsefinale: Suldal – Røldal 1-2

Plassering:

  1. Sand
  2. Nesflaten
  3. Røldal
  4. Suldal
  5. Erfjord