I eit frykteleg regnver fekk me besøk av opprykksfavorittane Midtbygden frå Tau. Dei stillte mannsterke opp med brei stall og mange supportarar, og dei fekk nok ein kjekk heimtur i bussen sin. For MIL var rett og slett litt betre enn Suldal i det meste. Etter to kampar mot strandabuen, er det berre å innrømma at dei har fortent seks poeng mot oss.

Ei regntung matte i Prestavikjo fekk til liks med Suldal kjørt seg mot MIL.

Ei regntung matte i Prestavikjo fekk til liks med Suldal kjørt seg mot MIL.

Midtbygden er svært solide bakover, dei spelar seg ut, er flinke til å slå krossarar frå backane, kjem med dobbel dekning på kantane, kontrar presist og har eit solid oppspelspunkt framme som er flink til å halde på ballen. Dei er og tøffe i duellane, spesielt inne i sin eigen og motstandarane sitt straffefelt. At dei på alle desse punkta er litt betre enn oss, gjer at summen blir ein grei siger. Ingen utklassing, for Suldal hadde fleire sjansar til å lage mål og komme inn i kampen, men me måtte nok hatt vår beste dag om me skulle ha vunne.

Suldal likar seg godt i regnver, og plar som regel spele gode kampar då. Men i dag regna det rett og slett for mykje. Banen greidde ikkje å svelje unna alt vatnet, og då vert det svært tungt å springe utpå der.

Dei første minutta fekk begge lag sine sjansar, Øystein Nærheim var frampå etter to minutt, og minuttet etter måtte Erik W. Vold ta fram si første redning for dagen då han vippa ballen over mål på eit skot. Tore Sørås og Rene Adjemi kombinerte fint og avslutta rett utanfor på eit innlegg, og MIL hadde eit skummelt skot etter eit hjørnespark.

Men etter 9 minutt fekk MIL sitt første mål. Dei kontra, kom gjennom på si venstre side og fekk lagt inn til ein kar som fekk stå åleine på 6-7 meter midt framfor mål. Han kunne enkelt setje ballen i mål. 0-1.

Erik hadde mange gode redningar i dag.

Erik hadde mange gode redningar i dag.

Etter målet, fekk Tore sjansen til å utlikne på eit flott frispark frå 20 meter, men ballen strauk rett utanfor krysset. Dermed var det klart for einperiode der Midtbygden stod for det meste. Dei kom til mange sjansar, og hadde det ikkje vore for ein svært opplagd Erik i mål, så kunne det fort blitt eit stygt resultat. Erik måtte bruke heile si enorme rekkevidde på å nå fram til ballane som hadde retning mot stolperøter og tverrliggjarar. På nokre få minutt ordna han meisterleg opp tre gonger.

Erik kunne likevel ikkje ta alt, og etter 26 minutt fekk motstandarane stå upressa på 20 meter og kunne uforstyrra skyte ballen i mål. Her var me for dårlege til å presse ballføraren. Når motstandaren får stå og sikte inn kanona si på denne avstanden, er det ikkje lett for målvakta.

I pausen såg me likevel ein sjanse for å henge med, dersom me berre hadde fått eit mål, for sjansar kom me jo til sjølv om MIL hadde flest. Geir Bjarte Hoftun kom inn, og med han kjem eit farleg våpen i innkasta. I tillegg slår Odd Åsgeir Lunde veldig gode hjørnespark. Fleire gonger kom me nære mål på desse dødballane, men som tidlegare nemnd, var det bortelaget som vann duellane i feltet. Berre ein gong slo me dei, det var trøystemålet som Rune Andre Laugaland sette inn etter eit innkast frå Geir Bjarte ti minutt før slutt. Skal me dra nytte av desse gode servane som Nils Johan Semb kallar dei, så må me bli tøffare i duellane.

Den trua me hadde i pausen, vart litt sløkt berre åtte minutt ut i andre omgang då MIL gjekk opp til 3-0 på eit hjørnespark. Kvar hjørnespark dei hadde var farleg. Denne gong fekk ikkje Suldal klarert, og den store og sterke spissen deira kunne enkelt stå i ro og nikke ballen i mål. Det fjerde målet deira kom etter ein kontring der heimelaget var i ubalanse og lite kunne gjere.

Debutant Birk.

Debutant Birk.

Nokre taktiske trekk vart forsøkt for å prøve å presse motstandaren. Dei i utgangspunktet offensive spelarane Erik Bård Bråtveit og Rene Adjemi var ein periode backar i eit forsøk på å dekke opp for farta MIL hadde i kontringane sine. Denne oppgåva kom begge to godt ifrå. Dette gav og rom for nye offensive krefter på vingane. Med anna fekk me ein ny debutant i Birk Håland. Han er ein bygut som i vår var viktig på treningane i byn, der han med eit godt driv var med og haldt oppe nivå og tempo. Han har tidlegare spelt for Buøy, og neste helg får han sjanse til å ydmyke gamle kompisar når Buøy 2 kjem på besøk. I dag vart det derimot lite rom for han og andre til å utfordre i bakrom.

Sjølv om det altså vart tap denne gong, så heng me framleis med i toppen. Når poenga frå den avlyste kampen mot Forsand kjem, så ligg me eitt poeng bak Midtbygden og Figgjo med like mange kamper spelt. Det er berre til å brette opp armane og ta fatt på neste oppgåve.

Fakta:

Mål:

9 min: 0-1: MIL

26 min: 0-2 MIL

53 min: 0-3 MIL

75 min: 0-4 MIL

80 min: 1-4 Rune Andre Laugaland

Gult kort:

Eitt til MIL.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Sørås

2 poeng: Erik W. Vold

1 poeng: Odd Åsgeir Lunde

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Tor Olav Berge – Øystein Nærheim, Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Rene Adjemi – Erik Bård Bråtveit, Vegard Aas

Innbyttarar: Geir Bjarte Hoftun, Birk Håland, Bjørn M. Steine, Terje Gjuvsland