Fine forhold for fotball på Storhaug denne haustkvelden

Om ein les terminlista for Suldal sitt A-lag vil ein finne ut at kampen mot Brodd 3 denne fredagen seint i september var den siste bortekampen for sesongen. Etter denne kampen venta det tre heimekampar mot Hundvåg 2 og oppryksrivalane våre Paradis og POL. Tre ultraviktige kampar der me sjøl kan avgjer kva divisjon Suldal befinn seg i når ballen rullar i gong for sesongen 2020.

Dagens motstandar hadde fått litt negativ blest om seg på grunn av ein del mindre positive hendelser denne sesongen. Den litle banen dei disponerer innbyr heller ikkje til fint vingspel og feiande flott fotball. Underteikna har sjøl spelt, leda lag og sett fleire kampar på denne banen og kan med sikkerhet sei at det aldri har vore gode kampar her. Banen er liten og innbyr til fotballen Brodd 3 ynskjer å spele. Aggressiv, intensiv og duellfokusert fotball. Denne kampen skulle inneholde mykje det same som var forventa av både bane og motstandar.

Første omgang:

Suldal og Brodd 3 «snuser» litt på kvarandre. Lite finspel og ingen store målsjansar. Den første nesten-sjansen var det Suldal som skulle få. Knut slår ein lang og luftig pasning i bakrom mot Ingve. Ballen kan sjå litt lang ut, men Ingve gutsar på, rekk ballen, men klarer ikkje å få avslutningen på mål. Det skal seias at det hadde blitt eit kunststykke om minste-Berge hadde putta på denne. Omgangen forløp seg likt som den byrja, med mykje duellar.  Brodd 3 pleier ikkje å skape så mange sjansar, men dei er frykteleg gode til å få mål når dei først er oppe i motstandar sin målgård. Dette skjedde også denne kvelden. Heimelaget set litt fart på ball og bortelaget klarer ikkje å flytte føtene raskt nok. Dei grøn-kvite får ballen på si venstre side og får slått inn i skummelt område. På bakerste stolpe kjem toppscoreren deiras stormande og set ballen kontant i mål. Litt surt siden, men likevel litt etter oppskrifta. Suldal på si side kjempa vidare og det skulle ikkje ta så lang tid før Håvard fekk to sjansar på å putte ballen i nota. Etter at keeper redda første forsøket frå Mr Fatnes, var han sikker på forsøk nummer to. Herlig og viktig med mål rett før pause. Men i plassen for å gå inn til pause med godfølelsen vart dette snudd etter at ein suldalsgut var uheldig å sette ballen i eige nett. 2-1 til heimelaget var resultatet etter førtifem minutt.

Andre omgang:

Ekstremt lik første omgang med lite finspel, mykje duellar og ei oppleving av at dette var menn mot gutar til tider. Brodd 3 og Suldal var jevngode/dårlege i banespelet, men i begge boksane var heimelaget mange hakk betre enn gutane i gult og svart. Trøkk, fysikk og vilje kjem ein langt med, og i denne kampen vart dette effektivt bevist. Begge måla Brodd 3 fekk i denne omgangen kom på kjemping i Suldal sin 16 meter. Suldal svikta i dei avgjerande duellane og heimelaget takka og bukka to gonger. Dei langveisfarne frå kraftbygda hadde også sine sjansar, men det ville seg ikkje heilt på hverken skotet eller headingen til Ingve, Kampen ebba ut med ein komfortabel 4-1 siger til Brodd 3 Polonia.

Etter kamp:

Sjøl ikkje Jone kunne ikkje hindre siger til Brodd 3

Brodd 3 viser at dei har gjort ein god jobb innad i laget. Der dei tidlegare var stygge i duellane, aggressive og ufine var det nå eit heimelag som spelte fair i samtlege minutt. Suldal på si side verka litt veike og ikkje heilt klar for oppgåva. Heldigvis hadde tabellnabo, Paradis gått på eit tap dagen før, så slik sett var ikkje dette tapet ei stor krise. Med tre heimekampar igjen leiar me framleis 6 div avd 3 med to poeng og har alt i eigne hender. Nå gjeld det bare å mobilisere til heimekamp mot Hundvåg 2 laurdag 5 oktober klokka 13.00 i Prestavikjo.

Mål: Håvard

Gult kort: Knut Foldøy

Laget: Jørgen, Jone, Vegard, Erik, Torjus, Håvard, Mohammed, Isak, Knut F, Knut N, Ingve

Benk: Speletid på Dawud og Marcus. Javier fekk ikkje speletid.