Alt regnet den siste tida har ikkje gjort godt for den 30 år gamle graset i Prestavikjo. Dermed tok me imot Buøy 2 på ei buc3b8y-logostrålande grasmatte på Sand.

Det er synd fotballbanen på Eide ikkje blir meir brukt, men det kom Suldal til gode denne laurdagen. Sjølvsagt regna det stikker og strå gjennom heile denne kampen og, men matta greidde seg likevel bra.

Eit så slett underlag innbaud til spel langs bakken, og det var eit uttalt mål før kampen. Me skulle spele ballen så mykje som mogleg. Det målet nådde laget langt på veg. Det var Suldal som styrte det meste, og trilla til tider ball i hatt med gjestene. Nå skal det seiast at motstanden ikkje var all verda denne gong. Buøy 2 hadde omtrent ikkje sjansar i det heile, og då dei fekk trøystemålet sitt så var det ei skikkeleg gåve frå Erik W. Vold i heimelaget sitt mål. Det er ikkje sikkert at han set like mykje pris på underlaget som resten av laget, for han var uheldig då han skulle klarere ein ufarleg ball. Underlaget forsvann under stamfoten, og det var enkelt for motstandaren å setje ballen i ope mål tre minutt før slutt.

Tilskodarane på Eide fekk nokre få minutt med opphald.

Tilskodarane på Eide fekk nokre få minutt med opphald.

Suldal hadde som nemnd heile spelet, men det vert for lite effektivt framfor mål. Heimelaget burde sett langt fleire ballar i nettet, men ukonsentrerte og putlete avslutningar gjorde at det vart med fire. Buøy 2 hadde dessutan ein svært god keeper, og han redda nok bortelaget frå eit stortap. Det må nok endå meir avslutningstrening til!

Men det positive var at Suldal kom til mange sjansar gjennom fint pasningsspel. Spesielt kan ein nemne den sentrale midtbanen med Odd Åsgeir Lunde og Tore Sørås som styrte midtbanen, og to opplagde backar i Nils Arne Moe og Robert Sjøholt som gong på gong var med framover og gjorde jobben vanskeleg for borteforsvaret. I tillegg var Birk Håland for kjapp i beina for sine gamle lagkammeratar, og skaffa Suldal to farlege frispark og eit straffespark. Bakover var det full kontroll.

Sjølv om det var spelemessig overtak frå første sekund, tok det 34 minutt før første målet kom. Flott spel frå midtbanen med Odd Åsgeir, ut til Nils Arne som kom i fullt firsprang opp høgresida. Vidare til Birk, før Vegard Aas igjen fann vegen til mål. Andre målet kom rett etterpå på straffe av Rune Andre Laugaland etter hands i feltet. Rune Andre sette den sikkert til venstre i målet. Etter 41 minutt var det Rene Adjemi som fekk ballen i mål frå kort avstand etter mykje putling med ballen inni feltet. Ballen for frå Robert til Vegard til Birk før den fann Rene og målet.

Tore slit med stiv nakke, men Ådne er ein framifrå massør. Jenter, ifølge Tore er Ådne eit skup! Klikk på biletet for å sjå anletet hans og.

Tore slit med stiv nakke, men Ådne er ein framifrå massør. Jenter, ifølge Tore er Ådne eit skup! Klikk på biletet for å sjå anletet hans og.

Målet i pausen var å halde fram det gode spelet og putte fleire mål. Det såg ut til å gå bra, for etter berre 40 sekund av andre omgang fekk Geir Bjarte Hotun ballen. Han spelte fint vidare til Birk, som igjen fann Øystein Nærheim. Med eit av sine første spark på ballen for dagen, dundra han den opp i nettaket frå kort hald. Flott mål og tredje målgivande av Birk, som så måtte gå ut med strekk.

Resten av omgangen haldt Suldal på ballen, men når sjansane kom vart det for ubesluttsamt og upresist. Med meir ro og overblikk, hadde det blitt fleire mål. Til tider ville me for mykje, fekk tunnelsyn og kikka for mykje ned. Her har me litt å jobbe med.

Men for all del. Suldal gjorde jobben, fekk tre poeng og fekk til mykje fint pasningsspel. Neste kamp er borte mot Sviland på fredag.

Verd å nemne er og dommaren, Ole Boine. Omsider har me fått ein lokal dommar på seniornivå. Boine bur på Halvøynå, og er registrert i Hebnes. Dialekten røper at han nok ikkje er oppvaksen der, men trønderen greidde seg svært bra i ein stort sett lettdømd kamp.

PS: I forrige referat sneik det seg inn ein feil. Målet til Rune Andre den gong kom på hjørnespark frå Odd Åsgeir. Orsak!

Fakta:

Mål:

Ein solid kamp av Robert på backen.

Ein solid kamp av Robert på backen.

34 min: 1-0: Vegard Aas

36 min: 2-0: Rune Andre Laugaland (str)

41 min: 3-0: Rene Adjemi

46 min: 4-0: Øystein Nærheim

87 min: 4-1: Buøy 2

Kort:

Gule: Øystein Nærheim + 3 til Buøy 2

Raudt: Buøy 2

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Odd Åsgeir Lunde

2 poeng: Tore Sørås

1 poeng: Robert Sjøholt

Spelarar:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Robert Sjøholt – Rene Adjemi, Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Torstein Erfjord – Birk Håland, Vegard Aas.

Innbyttarar:

Geir Bjarte Hoftun, Øystein Nærheim, Erik Bård Bråtveit, Tor Olav Berge, Svein Egil Holmestad, Ådne Nærheim