Så var det klart for haustsesongens første kamp. Som kjent rykka me opp frå 2. divisjon i vår til 1. divisjon i haust.images

Mannskapsmessig slit me med litt skader og feriar, men me stabla likevel på beina 13 spelarar som var klar til kamp mot Djerv 1919 2.

Dette Djervlaget hadde me forstått bestod av for det meste 14 åringar, som ville prøva seg i 15 årsklassen pga. at dei vann ein suveren seier i vårsesongens 1. divisjon for 14 åringar. Dei skulle vera eit spelande lag, og det var dei…….

I starten av kampen var det jevnt, sjølv om Djerv gjekk opp i 1-0 leiing, var det ikkje lenge før Sand/Suldal kvitterte med eit fint plassert skot av Øystein.

Så følgde eit lite mareritt, og plutseleg stod det 1-4 til bortelaget. Me sleit med å komma oppi dei bevegelege motspelarane, tapte andreballane og var i det heile teke ”på helane”.

I tillegg var Djerv effektive, og den store, raske og kraftige spissen deira var ein stadig trussel. Djerv var rett og slett bedre i denne perioden.

I pausen var det ikkje så lett å legga ein strategi for 2. omgangen, anna enn at me måtte prøva å markera bedre, og berre yta full innsats.

Og bedre var det. Me kom bedre oppi, vann fleire duellar, og i det heile teke var me meir med på notene i 2. omgangen.

Me fekk to flotte mål ved Vegard, hadde stolpeskot, og keeper deira måtte visa seg frå si beste side for å avverga scoring frå Sand/Suldal.

Likevel sleppte me inn to mål, etter at Djerv viste flott og bevegeleg spel.

Som oppsummering kan me sei at Djerv vann fullt fortent, og det er tydeleg at dei trenar saman 2-3 gonger i veka. Det var bevegelse og system i det dei gjorde på banen.

For vår del prøver me på ei trening i veka saman, men når spelarane er fordelte på eit 14 og 15 årslag, og med dei avstandane me har, seier det seg sjølv at me ikkje får samkjørt oss godt nok til å kunna konkurrera med dei beste laga i divisjonen.

Me vil likevel gjera vårt beste for å fullføra haustsesongen i 1. divisjon, og me får mulighet for å prøva oss igjen borte mot Etne fredag 4. september.

Desse spelarane var med: Ingve, Øystein W., Mads, Christer, Lars Kristian, Ingvald, Øystein N., Fredrik, Sindre O., Steffen, Vegard, Thomas, Johannes.

Mål: Vegard 2 Øystein N. 1