På torsdag er det tid for oppstart av Suldalsserien. Då blir det kampar for miniknott, knott og lilleputt.

I år er det Erfjord IL som står som arrangør, og dei har sjølvsagt hatt utfordringar med korleis ein skal løysa avviklinga og halda seg til retningslinjene for korona. I samarbeid med smittevernlege og dei andre idrettslaga i kommunen, er nå oppsettet klart. For dei nemnde aldersgruppene blir det serie som vanleg med kampar torsdagane framover. Første runde er førstkommande torsdag 27. august.

Det blir ikkje Suldalscup i år, sjølvsagt på grunn av Korona og smittevern.

Ungdomsskuleturneringa blir gjort unna på to samlingar med to eller tre kampar pr samling. Den første er søndag 6. september på Sand, mens den andre er laurdag 17. oktober i Erfjord. Konfirmasjonar, jakt og haustferie gjer at det blir litt lenge mellom kampane, men då får ein i alle fall trent godt før siste runde!

1. klassingane har si første trening i morgon, søndag kl 17.00. Elles er treningane slik:

  • Miniknott: Måndag kl 16.45
  • Knott: Tysdag kl 17.00
  • Lilleputt: Måndag kl 18.30
  • Ungdomsskulen: Torsdag kl 19.30. Enkelte veker må ein byta treningsdag fordi Suldalsgutane- og jentene har kamp.