Me gjorde det meir spennande enn naudsynd denne gong. Grunna forsøk på ny taktikk,
leia bortelaget 2-0 etter 16 minutt.
Til nå har me starta kvar kamp i eit tradisjonelt 4-4-2 system, noko som for det meste har fungert bra. Om det var for mykje fritid siste veka eller monotone staketurar på rulleski som gjorde at trenaren lanserte nytt spelesystem føre kampen mot Oltedal, er han sjølv litt usikker på. Det han i ettertid iallefall er sikker på, er at me tøysar ikkje med formasjonen meir! Eit forsøk på 4-3-3 fekk nærast katastrofale følgjer. Oltedal styrte alt første kvarteret, og Suldal fekk ikkje til noko som helst.
5 minutt ut i kampen sendte gjestene ein høg ball inn i feltet. Denne såg det i utgangspunktet ut til at Erik W. Vold hadde kontroll på, men ballen glei i hendene hans og hamna i beina til ein Oltedalspelar som enkelt kunne putte ballen i ope mål.
Oltedal haldt fram med å styre spelet og kom fleire gonger til halvsjansar. Etter kvarteret måtte stoppar Rune Andre Laugaland trø til i takling. Dette resulterte i ein kraftig strekk som gjorde at han måtte ut. Før me fekk lagt skikkeleg om etter byttet, kontra bortelaget på Suldal si høgre side. Forsvaret vart for fokuserte på dette, og gløymde å dekke opp på motsett side. Her kom ein Oltedal-kar heilt åleine. Han fekk ballen, og hadde få problem med å settje ballen i mål.
Etter dette var det berre til å leggje om til vanleg formasjon. Og det hjalp momentant! Bortelaget slappa nok litt av, noko dei ikkje burde gjort. 2-0 er som kjent ei farleg leiing…
Suldal tok over heile spelet og kom til nokre småsjansar. Ein farleg vart det og, etter eit av Geir Bjarte Hoftun sine vanvittige kast. Etter 32 minutt fekk heimelaget hjørnespark. Bjørn M. Steine tok desse i dag, og kom godt frå det. Ballen var innom både blå og gule spelarar, målvakta redda, men måtte gi retur. Etter ein del klabb og babb, fekk Øystein Nærheim ballen. Denne skaut han i handa til ein Oltedalspelar, og dommaren bles straffe. Rett meinar nokon, andre er meir usikre. Uansett, i fråvær av fast eksekutør Rune Andre, tok kaptein Tore Sørås ansvar og sette ballen sikkert nede til venstre for keeper. Målet kan du sjå på video her: Youtube.

Tore sette to sikre straffar.
Eitt minutt etterpå varta heimelaget opp med flott spel. Rene Adjemi vart spelt gjennom i straffefeltet og heilt klart riven ned av forsvaret. Ny straffe og Tore igjen sikker frå 11-metersmerket. Dette ligg og på Youtube. Resten av omgangen spelte Suldal bra, og det verka som at lufta gjekk litt ut av Oltedal.
I andre omgang pressa og pressa Suldal, og det var berre spørsmål om når leiarmålet måtte komme. Etter 66 minutt tok Geir Bjarte rennefart igjen, kasta ballen inn i feltet, og opp steig Vegar Aas som Fuglen Fønix. Han kom ein halvmeter høgare enn resten og stanga ballen vakkert i mål. Sjå målet på Youtube.
Etter dette leiarmålet vart nok Suldal litt for interesserte i å trygge leiinga, for me vart for baktunge einperiode. Oltedal kom meir med i spelet og fekk fleire hjørnespark og frispark i farlege posisjonar. Heldigvis fekk dei ikkje utlikning, og i staden var det Suldal som trygga leiinga i det 86. minutt. Om trenaren bomma totalt på startformasjonen, så gjorde han i alle fall eit genialt innbytte. Tommy Espe kom innpå til sin første kamp for sesongen. På si første berøring heada han elegant inn 4-2 etter innlegg frå Geir Bjarte.
Sigeren var sikra, og resten av kampen brukte me til å bytte inn fleire spelarar og få tida til å gå. Dermed heng me framleis med i tetkampen. Dei to andre laga i toppen skal møte kvarandre på torsdag. Det blir spennande…
Fakta:
Mål:
0-1: 5 min: Oltedal
0-2: 16 min: Oltedal
1-2: 33 min: Tore Sørås (str)
2-2: 35 min: Tore Sørås (str)
3-2: 66 min: Vegard Aas
4-2: 86 min: Tommy Espe
Gule kort:
3 til Oltedal.
Vinjar Låjen poeng:
3 poeng: Vegard Aas
2 poeng: Tore Sørås
1 poeng: Rene Adjemi
Lag:
Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Tor Olav Berge – Erik Bård Bråtveit, Tore Sørås, Rene Adjemi – Vegard Aas, Geir Bjarte Hoftun, Bjørn M. Steine
Innbyttarar: Øystein Nærheim, Tommy Espe, Ådne Nærheim, Terje Gjuvsland, Svein Egil Holmestad
Kanonbra med scoringane på film Eskil:)