Så var det haustfeire. Suldalsgutane G16 har berre ein kamp igjen av sesongen sin i Rogaland Fotballkrets sine seriar, mens Suldalsjentene J15 har fire kampar att.

G16 har spelt mange av kampane svært jamnt, to av tapa har vore eitt-målstap i nervepirrande kampar, mens dei siste kampane har opna meir opp med to 3-målssigrar til Suldal og eit solid tap. Dei har verkeleg gjort Prestavikjo til eit uinntakeleg fort ved å vinna dei tre siste heimekampane. Tysdag i veka som var blei det ein skikkeleg 6-3 siger mot Vard Haugesund 3. Siste kamp er tysdag etter ferien, då blir det tur til Vard Haugesund 1. Med unntak av Nord 2 og Ferkingstad/Skudenes i toppen er tabellen svært jamn. Pr i dag ligg Suldal på 4. plass, men har fleire kampar enn laga rundt seg. 

J15 er berre såvidt halvvegs i sesongen. Dei har spelt seks kampar og ligg på delt 1. plass på tabellen, berre bak Vindafjord/Etne og Åkra på målforskjell. Her kan ein rett og slett vera med og kjempa om tabellsiger! I dei to siste kampane har jentene slått Åkra heime og spelt uavgjort borte mot Vindafjord/Etne, så at dei er minst like gode som desse laga er sikkert!

J15-trenar Torbjørn Indrebø er ofte euforisk etter kamp, og her kjem referatet hans frå 1-1-kampen mot tabell- og geografisk nabo Vindafjord/Etne:

Med fare for å bli kjedelig; for eit lag, og for ein gjeng!!!
1-1 borte mot Vindafjord står det respekt av, berre så de veit det. I tillegg var me så gode at me hadde fortent seier og.
Etter ein mållaus førsteomgang, i sterk motvind, hadde eg trua før andre. Men, me sleit med å få dei heilt store sjansane i starten. Utover kom me farleg frampå, med ein susar i tverrliggeren blant anna.
Målet kom til slutt, Oline fekk pirka ballen i stolpen og ut att. Ballen låg nærast i ro på 2 meter, og eg fekk ikkje klar sikt før Sunniva kom rasande og scora. Lettelse.
Mindre enn eitt minutt før slutt får Vindafjord straffe. Me har sprunge oss tome, og klarer ikkje klarere. Straffen var grei, og dermed 1-1.
Det me ikkje har med oss i finspel, tek me att med innsats. Eg er nok ein gong mektig imponert over jentene. Stolt er eg og. Fordi de alle saman gjer den jobben de vert sett til å gjera.
Alle kan legga seg heilt trygge på at du bidrog.
Gleder meg til neste kamp! Kjekt dette.