Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
J15 på medaljeplass! | Suldal idrettslag

Det blei akkurat ikkje gull, men det blir sølv eller bronse på J15-laget.

I går avslutta J15-laget sesongen med ein solid bortesiger 5-2 mot Skjold/Stegaberg, og med det er medalje sikra.

Åkra vinn pulja, tre poeng føre Suldalsjentene, men Suldal både slo og spelte uavgjort mot puljevinnarane. Vindafjord/Etne har ein kamp igjen, og vinn dei den så går dei forbi Suldal på målforskjell. Uansett er det ein flott prestasjon som er gjort i haust! Flott innsats av jentene, det er kjekt å komma ned på banen og sjå så mange på trening og sjå at dei blir stadig flinkare. Me håpar alle held fram til neste år! At Suldalsjentene år etter år hevdar seg i toppen av 2. divisjon er svært bra prestasjon!
Stor takk til Torbjørn Indrebø som tok tak i laget då me stod utan trenar i vinter. Han har verkeleg fått til speleglede og entusiasme rundt laget. Stor takk skal også Simmen Bratland ha som alltid er positiv og stiller opp. Han har teke ansvar for treningar og kampar i haust når Torbjørn ikkje har hatt høve. 

 
Og som Torbjørn skriv: Takk til foreldre som stiller som sjåførar og at de gjer logistikkjobben til Torbjørn så enkel som mogleg.
Her er årets siste referat frå Torbjørn, henta frå Facebooksida til J15:
GRATULERER med ein fantastisk flott sesong!!
Som eg sa i går, om det vert 2. eller 3. plass, så har de levert meir enn eg hadde tru på.
I går hadde me konkurranse mellom dei to laga som spela kvar sin omgang. Første omgang gjekk veldig bra, veldig lenge. Me leda 2-0. To raske mål feil veg rett før pause gjorde at nytt lag måtte vinna sin omgang for å bli best.
Henriette, Kamilla, Ingri Helena, Heidi, Anna, Kari, Ella, Marie og Iqra skulle prøva seg.
Mykje vilje, og ein drylar med venstre foten, gjorde at Tyri fekk sitt første mål, og me i leiing. Tyri kom innpå i si uvante rolle som spiss…Så fulgte me opp med eine raketten etter den andre. Me leia, og vann til slutt 5-2. Dei som hadde den beste omgangen skal her få hederleg omtale, som premien var avtalt:
Henriette, Kamilla, Ingri Helena, Heidi, Anna, Kari, Ella, Marie og Iqra.
Elles var og Tyri, Mari, Ayan, Renate, Stina og Oline på banen i andre omgang, og skal ha god omtale dei og.
Når det gjeld aktivitet framover, så kjem eg attom med det.
Til sist må eg retta ei stor takk til alle føresette som har stilt opp med smil og bil, og møtt opp på heimekampane. Utruleg lett å få til logistikk med slike folk. Tusen, tusen takk.
Heilt til slutt: Takk til jentene som gir så mykje glede og inspirasjon, for ein gjeng, og for eit lag.