God kveld!

Gullinghuset ved Mosvatnet hadde denne sommaren trong for nye målingstrøk, og om lag 60 av idrettslaget sine medlem har siste månaden svinga målingskosten til verdifull dugnadsinntekt frå Suldal kommune.
Etter nøye risikovurderingar med tanke på smittevern, og samråding med kommuneoverlegen, klarte me å gjennomføra sånn nokonlunde etter planen. I kveld kunne me takka av siste gruppa, som fullførte oppdraget!

Medlemma i Suldal idrettslag legg ned mykje dugnadsarbeid til glede for store og små, og me vil nok ein gong retta ein stor takk for innsatsen til våre medlem!

God sommar!