Suldal IL stilte med ein flott gjeng deltakarar og eit engasjert støtteapparat på Blinkfestivalen i år og. Gjengen frå Suldal synte godt att med mange gode plasseringar, endå til med fleire på pallen. Øyvind Røgenes var fyrst ut på torsdag i det 7,5 km lange  motbakkeløpet  Lysebotn Opp. Ei tøff løype og hard konkurranse der han staka heile vegen opp.  I Sandnes gjekk Svein Aksel Tjøstheim godt både fredag og laurdag. Hanna Lunde Hoftun og Serina Litlehamar Kjetilstad leverte flotte resultat begge dagane. Simon Bakka gjekk to kanonløp. Daniel Bakka, Vilde Tjøstheim og Magnus Lunde Hoftun leverte også bra begge dagane. Dei gjekk klassisk for fyrste gong laurdag. Thomas Bakka, Ella Tjøstheim og Mathea Vik leverte supre løp i hard konkuranse, der Ella tok 1.plass og Mathea 2.plass fredag. Laurdag tok Ella 3.plass. Desse tre gjekk óg klassisk laurdag. Ingeborg Kristensen Hoftun deltok i tøff konkurranse med eliten på fredag. Det var full fres i rulleskianlegget frå tidleg morgon begge dagane. Dei yngste starta før kl 8, så det vart ein grytidleg start for å få tid til både morgonsmat, oppmøte og oppvarming. Det hindra ikkje godt humør og suveren innstas frå dei unge skiløperane.