Endeleg var den tilbake, fotballen. Det har vore nesten to år utan svette, seine taklingar og mottak i verdensklasse. For ein som har levd med fotballen i Suldal stort sett heile livet har dette vore ei tid der det beste mangla. Endeleg rulla an igjen, fotballen i 6 divisjon.

Staal er ein hardtsatsande klubb på Jørpeland, der A-laget har store ambisjonar om opprykk til 2 divisjon. Dei har og eit sterkt ynskje om eit bra 2 er lag, der dei nest beste kan utvikle seg. Det var tydeleg at Staal hadde skumle planar om ein såg på laget deiras. Dei fleste hadde ein eller fleire A-lagskampar med seg i sekken. Det meste skulle ligge til rette for ein grei siger over eit litt rustent suldalslag.

Nå har det seg slik at Suldal ikkje hadde planar om å gi desse poenga til motstandaren utan duarabeleg motstand. Ein heroisk innsats av samtlige i gult og svart gjorde at seiersmargien vart så liten som mogeleg. Og målet til Suldal vart scora av the comeback kid, Daniel Berge Espe. Gratulerer!

Kampen starta litt som me forventa og etter 8 minutt gjekk Staal 2 opp i ledelsen. Heilt fortjent, men dette var litt vel tidleg og ein kunne frykta stygge siffer. Suldal hang bare ikkje med fram til dette. Etter 12 minutt fekk Espen Josdal ein gigasjanse til å utligne, men var litt uheldig då ballen fauk til side for mål. Fint spel i forkant av sjansen der Mohammed og Øystein kombinerte fint. Omgangen vart etter dette prega av eit suldalslag med heroisk forsvarsspel mot eit heimelag som kjørte på både på kantar og gjennom midten.  Likevel gjekk Staal 2 til pause med kun eitt mål meir enn Suldal i regnværet på Jørpeland.

Andre omgang var ganske lik den første med eit Staal 2 som trykka på. Særleg Håvard Fatnes fekk kjørt seg mot ein meget rask kantspelar. Denne oppgåva klarte Håvard veldig fint og saman med resten av laget spelte han ein god deffensiv kamp. Ein kan likevel nevne at heimelaget hadde fleire store sjansar til å auke leiinga utover kampen. 2-0 målet kom etter 60 minutt av kampen og kom etter nok eit balltap av Suldal. Kampens gode dommar burde kanskje sett handsen før målet, men målet var veldig fortjent og måtte vel komme etterkvart. Suldal på si side hadde veldig lite å by på framover i denne kampen, men i det 85 minuttet fekk Suldal hjørnespark. I enden på innlegget stod Daniel heilt aleine og nikka ballen kontant i nettet. Etter reduseringa fortsatte Staal 2 å kjøre kampen i håp om å auke leiinga. Det vart ikkje fleire mål i kampen som enda med 2-1 siger til heimelaget.

Ein god forsvarsskamp av Suldal, men me må forvente at angrepsspelet og oppbygging av angrep der heile laget bidrar må opp fleire hakk. Dette er noko ein garantert vil jobbe med neste veke slik at Storhaug skal få noko å bryne seg på laurdag 21 august klokka 13.00, i Prestavikjo. Det positive er ei knallgod økt med fotball, godt deffensivt av heile laget og at ballen endeleg ruller igjen

Laget: Jørgen, Jone, Isak, Johannes, Håvard, Tom, Øystein, Rene, Arin, Mohammed, Espen

Benken: Ingve, David, Ørjan, Tore, Daniel og Dawud

Mål: Daniel Assist: Ørjan