Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
6 div avd 3: SIF 2 2-4 Suldal | Suldal idrettslag

Det var tydeleg at hausten banka på døra denne tidleg septemberdagen. Dei oppmøtte på tribunen hadde heldigvis kledd seg godt for det var lite som varma i været eller spelet til Suldal i første omgang.

Suldal kom frå to strålande heimekampar med 6-1 siger mot Storhaug og 5-1 siger mot POL, og skulle denne fredagskvelden måle krefter mot SIF 2 (Stavanger idrettsforening). Suldal stod med seks poeng før denne kampen, mens SIF 2 hadde fått med seg 3 poeng så langt i sesongen. Det er alltid litt uforutsigbart mot desse 2 er laga med tanke på kven de stiller med. Til og med 4 divisjon kan motstandar stille med heile 5 benytta spelerar frå sist kamp. Mot Staal 2 kunne dei benytte opptil 5 spelerar frå benken, benytta eller ei frå siste kampen til A laget i 3 div.

SIF sitt A-lag ligg i 5 div og satsar ganske tungt for å få dette laget opp ein divisjon og kunne fort benytta nokre av desse  spelerane på 2 er laget sitt. I store deler av første omgang, som trenar Arne beskriv som årets verste tretti minutt, verka det litt som at SIF 2 hadde tatt med seg mange av A-lagsspelerane sine, for her hang faktisk ikkje Suldal med. SIF 2 rulla opp fleire gode angrep som kunne enda i farlege sjansar. Suldal på si side sleit med å få tak i ball. Lyspunktet var likevel at dei gongene dei gulsvarte fekk  i gong spelet sitt kom sjansane. Både Rene og Espen hadde store sjansar. Underteikna hadde ei slags LIVE oppdatering på Facebook og første omgong forløp seg slik:

14 minutt: Espen gjer eit godt løp og kjem seg til ei grei avslutning. Målvakta redder greit

18 minutt: God mulighet for SIF der dei avslutter svakt. Jørgen plukkar greit opp ballen

26 minutt: Svær sjanse til SIF 2 som via ein ein suldalsspelar endar i hjørnespark. Eit godt slått hjørnespark endar på hovudet til ein heilt upressa SIF 2 spelar. 1-0

27 minutt: Espen bør sette ballen i mål, men ballen sklir av hovudet hans etter eit godt innlegg frå Håvard

38 minutt: Rene kjem gjennom på ein utruleg måte, men målvakta er patent og redder forsøket

42 minutt: Arin set ballen i mål med hovudet etter innlegg av Isak. Kanonbra!

45 minutt: Muhammed set inn 2-1 leiing til Suldal. Strålande av den unge sandsbuen. Espen er nest sist på ballen

Laga til pause med 2-1 leiing til bortelaget, Suldal. I store periodar spela SIF over Suldal, men ein kunne heile tida sjå at Suldal var litt kvassare i angrep når dei fekk låne ball. Uansett er det herleg og viktig å gå i føring til pause. Arne sa etter kamp at dei hadde snakka om farleghetene frå kantane og at gutane måtte var på hugget for å hindre SIF 2 i å få innlegg i boks. Etter kort tid av andre omgang var det nettopp dette som skjedde..

49 minutt: Mål for SIF 2 etter innlegg frå høgre. For underteikna ser det ut som sjølvmål av Håvard, men mulig det var ein SIF 2 spelar på den.

Etter dette vakna Suldal og vart det førande laget både framover og bakover.

53 minutt: Tom kjem rundt på venstresida og legg flott inn i feltet. Muhammed kjem og set ballen kontant i nettet. 2-3

60 minutt: Espen set inn 2-4 etter herleg forarbeid av Muhammed

72 minutt: Muhammed herjer med SIF 2 og får ein kjempesjanse. Målvakta til SIF redder fint

Resten av kampen må underteikna innrømme at ein miste litt tida, men Espen hadde alle sjansers bestemor då han feia ballen over mål frå kort hald. Det var også fleire nestensjansar der bortesigeren kunne blitt større. Kampen enda med herlege 3 poeng og samtlege poeng var vel fortjente.

Ein kamp der Suldal rota ein del i første omgang. Dette SIF 2 laget såg ein fort at hadde sine tydelege svakheter. Det var heller Suldal som gjorde store feil enn SIF 2 som briljerte. I andre omgang var det slik det skal vera og Suldal var slik me kjenner dei. Etter ei tidleg utleiing var det bare Suldal resten av kampen. Kampens store spelar må ein seie var Muhammed med 2 mål og ein assist. Mange som bra, men det er lett å framheve den unge sandsbuen denne gongen

Neste kamp er mot Hundvåg 2 i Prestavikjo laurdag 11 september

Laget: Jørgen M, Jone, Rene, Knut, Håvard, Arin, Isak, Øystein, Muhammed, Ole Magnus, Espen

Benken der alle fekk speletid: Ørjan, Jørgen L, Tom og Daniel

Mål 1: Arin assist Isak

Mål 2: Muhammed assist Espen

Mål 3: Muhammed assist Tom

Mål 4: Espen assist Muhammed