Sandes Idrettslag inviterte til rulleskirenn i Melsheia 26. september. Tre suldøler var med og beit godt frå seg i eit løp som gjekk i klassisk stil med fellestart. Med innlagde spurtprisar vart det liv i felta og stor fart. Både Daniel Bakka, Thomas Bakka og Ella Tjøstheim har denne sesongen rykka opp eit steg i løypelengd og løpstidene blir lenger. Dette er då fint å prøve seg på før sjølve skisesongen startar og er elles ei god oppkjøring før KM på rulleski i oktober.