I dag hadde Suldal sjansen til å gå til tabelltopp. Den sjansen greip me ikkje. Fint spelevêr og god bane til tross, det butta imot i store deler av kampen.
Men i starten av kampen var det me som styrte mykje. Suldal prøvde å spele ball, og hadde gode gjennomspel. Vegard Aas brukte farta si og kom gjennom fleire ganger. Etter fem minutt kom Rene Adjemi gjennom på høgre sida og la inn til Vegard. Han brende av, men bomma litt. Ballen gjekk imidlertid innom ein Brodd-spelar og til hjørnespark. Dette tok Odd Åsgeir Lunde. Ballen hamna hos Tore Sørås som fekk to sjansar til å setje ballen i mål. Første blei redda, den andre for noko over mål.

Før avspark.
Omtrent eit kvarter ut i kampen var gått då Vegard to gonger kom åleine gjennom med heimelaget si målvakt. Spissen vår gjorde alt rett, men vertane hadde ein svært god keeper som rydda opp i begge situasjonane. Det var synd, for hadde me fått mål her kunne det lett blitt ein annan kamp.
I staden var det Brodd 2 som tok over. Dei fekk til pasningsspelet sitt, trilla bak medan spissane våre Vegard og Birk Håland vart litt breie i presset sitt. Dermed fekk dei grønkledde spele opp gjennom midtbanen og vidare ut på si venstre side. Her kom dei gjennom gang på gang, Nils Arne Moe på backen fekk ofte to mann på seg, og hadde liten sjanse til å passe på begge. Dermed kom Brodd 2 til fleire sjansar.
Medan heimelaget pressa som verst, fekk Tore tak i ballen. Han spelte flott gjennom til Vegard som sette fart mot mål. På 18 meter kikka han opp og såg ein godt plassert Birk. Dessverre såg han ikkje spelaren som kom i mellom og plukka opp ballen.Like etter hadde Tore ein ny sjanse på hjørnespark, men nettkjenning blei det ikkje.
Nettet var det derimot heimelaget som traff. Etter 38 minutt fekk dei hjørnespark. Den kom inn i fin høgde for målvakta vår, Tor Hallvard Aarhus. Han for opp og tok ballen, men blei hoppa ned av ein Brodd-spelar som også traff ballen og heada i mål. Dommaren bles, og alle, inkludert dei fleste frå Brodd, trudde han bles for frispark til Tor Hallvard. Stor var derfor både overraskinga og frustrasjonen då dommaren peikte mot midten.
Resten av omgangen vart rotete, og heimelaget var flinke til å trille ball.
Ande omgang veksla det litt mellom begge lag kven som hadde spelet og trykket. I periodar var Suldal best, vann ballen høgt og fekk fleire dødballar. Odd Åsgeir slo hjørnespark, men me var ikkje først på ballen. Tore, Tor Olav Berge og Ådne Nærheim slo frispark, men anten gjekk den utanfor mål, i ein motspelar eller i klypene på den solide sisteskansa deira.
I andre deler av omgangen, var det Brodd som styrte, og dei kom til fleire sjansar i og med at me pressa høgare og høgare for å få utlikning. Dermed kunne vertane kontre. Første gang redda Vidar Hilde på streken, men noko seinare var han uheldig og beina eit innlegg i eige mål. Hadde ikkje Vidar truffe ballen, så hadde nok ein motspelar fått ei tå på den. 2-0 var eit faktum.
Det var ikkje så mykje å lure på då. Høgare press og større risiko førte til ein opnare kamp. Erik Bård Bråtveit og Torstein Erfjord kom inn i omgangen og jobba knallhardt for å jage ballen, men Brodd fekk meir og meir sjølvtilit. Til slutt traff dei kvarandre på omtrent alt. Dermed kunne dei kontre inn to nye mål mot slutten.
Rett etter kampen føltes det som at me vart trilla litt svimle, men om ein ser heile kampen under eitt så er det snakk om marginer. Me har hatt dei fleste marginene med oss heile sesongen og vunne mange kampar på det. I dag hadde me dei mot oss. To av sjansane våre i 1. omgang skulle vore mål, og Brodd sitt første mål var svært billeg. Dermed måtte me gå av banen utan mål for første gang denne sesongen. Når det er sagt, så spelte Brodd fin, rask og god fotball. Sigeren var fortent.
Men-men. Det nyttar ikkje å grine over oppdrukke øl. Som Nils Arne sa før kampen: «Det er berre til å vinne resten av kampane.» Det gjeld faktisk etter dette tapet og. Topplaget Figgjo står for tur til helga. Det blir tøft, og den kampen kjem nok til å avgjere mykje i tetkampen.
Les Brodd sin versjon av kampen her.
Fakta:
Mål:
1-0: 38 min: Brodd
2-0: 64 min: Sjølvmål
3-0: 85 min: Brodd
4-0: 88 min: Brodd
Gule kort:
Tore Sørås og eitt til Brodd.
Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Tor Arne Sigstad
2 poeng: Tore Sørås
1 poeng: Odd Åsgeir Lunde
Lag:
Tor Hallvard Aarhus – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Vidar Hilde – Rene Adjemi, Tore Sørås, Odd Åsgeir Lunde, Bjørn M. Steine – Vegard Aas, Birk Håland
Innbyttarar: Erik Bård Bråtveit, Torstein Erfjord, Ådne Nærheim
Koss kan d ha seg at alle andre får etternavnå sine med i referatet utenom Tore?:)hehe 1.Like han best? 2 Kan ikkje etternavnet hans? Ø en manglar på tastaturet?:)
Du må finlesa ein gang til! Alle får etternavnet sitt nemnd første gang. Sidan berre førenamn.
Sitat: «Ballen hamna hos Tore Sørås som fekk to sjansar til å setje ballen i mål. Første blei redda, den andre for noko over mål.»
Så det så!
Brodds første mål kommer etter ett innlegg av Brodds høyreback og ikke på corner 😉
Fint referat. Dere var en flott gjeng. Bra å ikke bli mer provosert av dommeren, som strengt tatt blåste i overkant fordel grønt. Håper dere får belønning som fortjent, og beklager at vi har gitt seks poeng til både Figgen og MIL.
Takk for kampen!
For øvrig. To gule til Brodd. Kim Aslaksen og Ibrahim Katranci.
Dokk e heldige med at den gode spissen te Figgjo, Kenneth et eller aent fekk direkte rødt kort forrige kamp og sannsynligvis får etpar kampars karantene…….
Okai, ikkje alltid lett å få med seg alt. 🙂
Takk for kampen ja. Me prøver å vere snille og greie gutar, sjølv om ting går oss litt i mot og. Det er ein god stemning på Midjord, det er trass alt for løye me held på med dette. Me får berre prøve å slå Figgen sjølv! 🙂
Då vann me iallefall konkurransen «Snillaste lag»!
Ja, eg var og såg kampen. Han er god han, og det er greitt å sleppe han. Men eg reknar med at dei har andre gode som kan erstatte han. Blir spennande…