Laurdag 16.oktober var det KM på rulleski i det flotte skianlegget på Hovden. Vêret var skiftande, og snøen låg nedover fjellsidene. Det hindra ikkje utøverane – Suldal IL viste godt att på resultatlistene. KM er for løperar frå 13 år og oppover i Rogaland og Agder skikrets. Dette rennet inngår som eit av renna i årets kretscup for aldersklassane 13 – 16 år.

Suldal IL gratulerer Ella Tjøstheim (J15) som vann og vart krinsmeister  på 4 km friteknikk i hard og jamn konkurranse. Thomas Bakka (G15) kom på 3.plass etter 4 km i ein hard klasse med mange konkurrentar. Mathea Vik (J15) og Marte Krogh (J14) gjekk begge gode renn, der dei gjekk 4 km friteknikk. Daniel Bakka (G13), Magnus Lunde Hoftun (G13) og Vilde Tjøstheim (J13)  gjekk gode 2 km i sine klassar. Agathe Lunde (J12), Simon Bakka (G12), Serina Litlehamar Kjetilstad (J11) og Hanna Lunde Hoftun (J11)  enda med gode resultat etter 2 km friteknikk. Svein Aksel Tjøstheim (G10) gjekk fort i løypene, det same gjorde Amalie Lunde( J9), der begge gjekk 1 km. Det var godt humør blant utøverane og støtteapparatet. Etter vel gjennomført rulleskirenn var det mange av utøverane som tok seg ein gratis og velfortent dukkert i badeland. No gler me oss til vinteren og ny skisesong.

Resultatliste frå KM:

https://www.skiforbundet.no/ars/nyhetsarkiv/2021/10/km-rulleski-pa-hovden-16.-oktober/