Arne gir seg som trenar for herrelaget til Suldal IL.

Det er kjekt med avslutningsfestar, men det var ikkje berre sesongen som vart avslutta sist laurdag og det er ikkje alt på ei avslutning som er like kjekt. Trenar Arne Abrahamsen meddelte spelargruppa om at tida ikkje strekk til for å stå ved roret neste sesong.

Ny jobb og andre arbeidstider gjer det vanskeleg å kombinera med treningar på kveldstid og kampar i helger. Arne har vore trenar for a-laget i 2019 og 2021, og begge sesongar må ein kunne seia har vore ein sportsleg suksess. i 2019 var me eitt mål frå å vinna 6. divisjon og rykka opp til 5. I år blir det enten 2. eller 3. plass, der laget har overbevist i 8 av 9 kampar. Suldal kunne ha rana med seg eit poeng frå Staal som har gått ubesigra gjennom sesongen før siste kamp, og elles har dei gjort kort prosess med sju av dei andre laga. Det var berre Sørmarka som gjorde det vanskeleg for Arne i år. Det har vore spesielt kjekt med heimekampar med mange mål og stort antal publikum på tribunen.

Arne er ein trenar som krever mykje av spelarane sine. Når han sjølv går 100% inn for trenaroppgåva, forventar han at spelarane også gjer det. Ingenting blir overlatt til tilfeldigheiter, det er orden, struktur og ein plan over alt. Svært godt oppmøte på trening gjennom hausten viser dessutan at spelarane set pris på treningane og opplegget. At me også har fått med mange unge spelarar er spesielt gledeleg, og noko Arne skal ha mykje av æra for.

Bak engasjementet står ei stor glede for fotball, og ein iver etter å få ut det beste i kvar spelar. Det kan av og til  gå ei kule varmt på trening og i kamp, men det er fordi han veit kva spelarane og laget er gode for på sitt beste og eit ønskje om at dei får det fram.

Arne har gjennom dei tre åra han har vore involover i a-laget bygd opp ein solid spelarstamme der det er mykje kvalitet, god variasjon i alder og speletypar, og ein struktur og eit opplegg som er godt innarbeida i spelargruppa. Han har dermed lagt godt til rette for neste trenar som kjem inn garderobedøra til Suldal. Det blir nå arbeida med å finna ei god løysing for ny trenar.

Tusen takk for jobben så langt, og me tenkjer me seier «På gjensyn!»