Faktura for medlemskontingent er sendt ut via KlubbAdmin. Me har også i år brukt Norges idrettsforbund sitt system KlubbAdmin (til epostadressa di), slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt.

21. oktober vart det sendt ut faktura for betaling av medlemskontingenten. Me registrerer også i år at ein del medlemmer ikkje har betalt, og håpar sjølvsagt at de ønskjer å vera med videre som medlem.

Oppmodar alle som vil vera medlem om å betala kontingenten, og ved spørsmål ta kontakt med kasserar Elisabeth Steine på kasserar@suldal-il.no eller telefon 454 02 749. Her finn du informasjon om satsane på medlemskontingenten: https://www.suldal-il.no/?page_id=5347

Er du eller ungane dine med på aktiviteter i regi av Suldal IL, men har ikkje motteke varsel om faktura via epost: då ber me om at du tek kontakt slik at me får oppdatert kontaktinformasjonen og medlemslistene våre.

Ved betaling av medlemskontingent trer ulykkesforsikringa i kraft, slik at du er registert når du deltek på aktivitertar.

Ønskjer du å melde deg ut av idrettslaget gjer du det ved å senda epost til kasserar@suldal-il.no

Antal betalande medlemmer dannar også grunnlaget for tilskot til laget.

Ditt medlemskap er viktig!