Det var med stor sorg me mottok meldinga om at Morten Jelsa var død.

Han døydde 1. november etter lengre tids sjukdom knapt 50 år gammal.

Morten har vore ein pådrivar i fotballmiljøet i Suldal i mange år, både som spelar og trenar. Han var trenar for aldersbestemte samarbeidslag på tvers av grendene i mange år saman med andre gode hjelperar, og var ein av arkitektane bak det som først var «Suldalsgutane» og som nå heiter «Suldalsgutane- og jentene».

Morten var også aktiv spelar på Jelsa sitt A-lag, men då dette laget vart nedlagt i 2001, melde han overgang til Suldal og spelte her i fleire sesongar.

I 2015 og 2016 var han trenar for A-laget til Suldal, og i siste kamp i 2016 sette han seg sjølv innpå dei siste 5 minutta i ein alder av 45 år.

I 2017 gjekk han over til Suldalsgutane igjen, men etterkvart vart Morten sjuk og måtte trekka seg meir vekk frå fotball og trenaroppgåver.

Hans brennande interesse for fotball viser godt då han seinast i haust var tilskodar på A-lagskampen mot Hjelmeland.

Me takkar Morten for den fantastiske interessa og arbeidet han har lagt ned i Suldalsfotballen. Me kjem til å sakna engasjementet, dei gode meiningsutvekslingane og ikkje minst det smittande humøret. Utan han hadde ikkje fotballen vore det same i Suldal.

Me lyser fred over Morten Jelsas minne.

Suldal IL