Mari vann NM-gull med Viking J16 2021! Foto: Viking FK

I helga tok Mari Indrebø saman med Viking FK gull i NM i klassen J16!

Om ikkje Mari er registrert i Suldal IL lenger, så er det absolutt på sin plass å gratulera med NM-gull. Stavanger Aftenblad melder om ein svært dramatisk cupfinale i Molde der Viking sikra cupgullet etter straffedrama. Viking låg under 0-2, men kom tilbake og sikra ekstraomgangar etter 2-2 ved full tid. I straffespark-konkurransen var det keeperen som blei helten då ho redda tre av straffane til Molde, slik at det til slutt stod 4-5 til Viking.

I referatet i Aftenbladet (betalingsmur) kan ein sjå at Mari var i startelvaren og spelte på midtbanen i ein 4-3-3-formasjon. På fotball.no sine sider blir Mari nemnd alt etter 5 minutt med innlegg frå venstre som blir klarert.  Ein kan også lesa om kampen på Viking FK sine sider.

Etter 24 minutt står det: «Så kommer Viking til en stor mulighet! Indrebø dribler seg forbi både en og (to) spillere og kommer seg inn i 16-meteren! Hun prøver å plassere ballen nede i det høyre hjørnet, men (Moldekeeper) Gausetvik Elshaug varter opp med en flott redning.»

73 min: «Vikings Indrebø får gult kort når hun stopper Tomren Slemmen på venstrekanten.»

Det blei spela 2 x 40 minutt ordinære omgangar, og 2 x 5 min ekstraomgang. I det 87. minutt, midt i siste ekstraomgang står det: «Indrebø klemmer til, men skuddet blokkeres.» 

Far Torbjørn melder at Mari fekk litt kvile i andre omgang før ho kom inn, fekk gult kort og spelte ekstraomgangane. Å vinna ein NM-finale vitnar om at Mari alt har tatt første steget i ny klubb med glans. Det blir spennande å følgja med vidare.

Heia Mari!

(Underteikna får seg ikkje heilt til å skriva heia Viking, sjølv om NM-gull også i G16, samt godt spel, gode resultat, godt publikumsoppmøte og beina-på-jorda-mentalitet på a-lag herrer gjer at ein kan unna dei suksessen dei har for tida. 😅)

Viking J16-2021
NM-gull. Mari Indrebø nr 4 bak frå venstre.